Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Klinikkledar Porsgrunn Tannklinikk

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Klinikkledar Porsgrunn tannklinikk. Vestfold og Telemark

Oferta de trabajo en Noruega (Vestfold og Telemark)

Descripción de la oferta de trabajo:

Brenn du for leiing av offentlege helsetenestar? 

Me søker klinikkledar til Porsgrunn tannklinikk,100% stilling frå haust 2024 då noverande ledar går av med pensjon. 

Me kan tilby ei spanande og variert stilling med gode høve til personleg og fagleg utvikling. Me søker deg som trivas med ein arbeidskvardag som kombinerar leiing med deltaking i den kliniske kvardagen på klinikken. Me søker ein ledar som tek initiativ og er utviklingsorientert. Du er tydeleg og har eit genuint ynskje om å bidra til å løyse samfunnsoppdraget til den offentlege tannhelsetenesta. Du må ha gode samarbeidsevner og kommuniserar godt, både på klinikken og med eksterne samarbeidspartnarar. Me ynskjer ein ledar som ser godt arbeidsmiljø som ein føresetnad for å lukkas i arbeidet.

Som ledar har du ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i Porsgrunn kommune. Klinikkledaren deltek i ledargruppa i seksjon tannhelse. Du samarbeider tett med ulike partar i seksjonen - både med fylkestannlegen, dei andre klinikkledarane, administrasjonen i seksjon tannhelse og i partssamarbeidet med tillitsvalde og verneombod. Du spelar på lag med mange gode kollegaer, der det er enkelt å be om råd og støtte!

I fylkeskommunen har me verdiane kompetanse, samarbeid og openhet og håpar du har lyst til å vere med på å la desse vere synleg i måten me jobber saman på. Me meiner at me leverar betre tenester til innbyggarane våre om me samarbeider godt på tvers av alle yrkesgrupper og bidreg til kvarandres daglege utvikling ved å stille spørsmål og vere nysgjerrige på kvarandres fagkompetanse.  

Porsgrunn tannklinikk ligg i Beha-kvartalet, med kort avstand til buss- og togstasjon. Klinikken har pr i dag gratis parkering. Klinikken har 11 behandlingsrom og er normalt bemanna med 8 team med tannlege og tannhelsesekretær, 3 tannpleiarar, samt ein resepsjonist. Per i dag er tverrfagleg behandlarteam for TOO (behandlingstilbod til pasientar med tannbehandlingsangst) lokalisert ved Porsgrunn tannklinikk. I teamet jobbar også ein  psykologspesialist i 100 % stilling. Klinikken har OPG og skal framover prøve ut digital avtrykkstaking. Klinikken nyttar Opus som journalsystem og har digitalt intraoralt røntgensystem. 

Noverande ledar har også vore konstituert ledar for Stathelle tannklinikk. I påvente av vurdering rundt eiga ledarstilling på Stathelle, må søkar pårekne å kunne bli konstituert som ledar ved Stathelle tannklinikk. Dersom dette blir aktuelt, må søkar pårekne faste dagar i Stathelle kvar veke.

Stillingstype: Fast

Stillingsstørrelse: 100%

Tiltredelse: Etter avtale

Søknadsfrist: 04.08.24

.

Ansvarsområder

Klinikklederstillinga er delt mellom leiing og klinisk aktivitet. Det er forventa at du som leiar bidreg inn i det kliniske arbeidet ved klinikken, men andel klinisk aktivitet vil variere og i periodar vil dette vere ei 100% administrativ stilling. Som ledar har du overordna ansvar for:

  • Mål-, budsjett og resultatansvar
  • Personalansvar, rekruttering og bemanning
  • Daglige driftsoppgåver
  • Faglig leiing, kompetanseheving og utviklingsarbeid
  • Pasientbehandling
  • Helse, miljø og sikkerhetsansvar 
  • Samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar som til dømes kommunal helse- og omsorgssektor, NAV og barnevern
  • Godt samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta

Endringar i ansvar og arbeidsoppgåver må kunne påreknas. 

Kvalifikasjonar

Utdanning:

Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, eller tannhelsefagleg bakgrunn med norsk autorisasjon som tannhelsesekretær, tannpleiar eller tannlege. 

Det vil vere ynskjeleg at søkar har tilleggsutdanning innan helseledelse, eller tilleggsutdanning innan relevante fagområder som administrasjon, organisasjon, økonomi og leiing, lovar og avtaleverk.

Erfaring:

  • Leiarerfaring frå tidlegare stillingar
  • Anna leiarerfaring vil også vere positivt (til dømes styreverv eller leiarerfaring frå jobbar utanfor tannhelsetenesta).
  • Klinisk erfaring frå arbeid som helsepersonell (anten frå tannhelse eller andre fagfelt innan helse)
  • Gode kommunikasjonsevner. Du må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg. 

Det vert forventa at du har digital kompetanse til å utnytte fylkeskommunen sine IKT-løysingar, ser mogleghetar i ny teknologi og er motivert for å ta i bruk nye digitale løysingar.

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg trygg og likar nye utfordringar
  • Løysingsorientert og trivas med høg aktivitet.
  • God rolleforståing og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du ser mogleghetar og bidreg til nødvendig omstilling
  • Du er ein person som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du likar å lede og utvikle andre.

Det vert vektlagt at du er personleg egna for stillinga. 

Fylkeskommunen skal vere ein omstillingsdyktig organisasjon, og arbeidsgjevar tek førehald om at arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan endras ved behov.

 

Me tilbyr

  • Gode kollegaer både på klinikkane og i seksjon tannhelse. Me er eit lag som samarbeider på tvers av profesjonar og roller!
  • Ein seksjon under utvikling - der du kan vere med å forme eiga rolle og den offentlege tannhelsetenesta i Telemark
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn i henhald til hovudtariffavtale
  • Pensjonsordning i KLP

 

Tilsetting og prøvetid 

Tilsetting skjer på grunnlag av dei til eikvar tid gjeldande lover, tariffavtaler og reglement. Ved tilsetting av helsepersonell, er godkjent norsk autorisasjon påkrevd. Det er vidare ein føresetnad at du kan fralegge godkjend politiattest (ikkje eldre enn tre månader). Som hovudregel praktiserar me 6 månadars prøvetid frå tiltredelsesdato.

Søke stilling  

Du søker via vårt elektroniske søknadsskjema. Vitnemål og attestar tek du med til eit eventuelt intervju. Ved søknadsfristens utløp vert det utarbeidd ei offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak frå offentleghet, vil bli varsla dersom me ikke kan imøtekome dette ynsket jf Offentleglova § 25. Fylkeskommunen er oppteke av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Me oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søke uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Om fylkeskommunen 

Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon som bidreg til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen. Me har ansvar for viktige oppgåver innan bla vidaregåande opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar, samfunnsutvikling samt regional- og arealplanlegging. Telemark fylkeskommune skal bidra til verdi for framtida gjennom kompetanse, samarbeid og openhet. Me jobber tverrfagleg og set innbyggarane sine behov i sentrum. Til dette oppdraget søker me profesjonelle, inkluderande og modige medarbeidarar som er gode relasjonsbyggarar og løysingsorienterte lagspelarar.

Om arbeidsgiveren:

null

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestfold og Telemark.

Ver 86 ofertas de trabajo en "Vestfold og Telemark" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 29 de Junio de 2024, y con identificador de la vacante:6cc1a7d2-e63f-4920-8f07-7a7d2f276c4e.