Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Fylkesberedskapssjef

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Fylkesberedskapssjef. Møre og Romsdal. Noruega

Oferta de trabajo en Noruega (Møre og Romsdal)

Descripción de la oferta de trabajo:

Om Stillinga

Vi søkjer etter fylkesberedskapssjef til å leie seksjonen for justis- og beredskap hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Som fylkesberedskapssjef vil du jobbe målretta og samordna med samfunnssikkerheit og beredskap og vere ein pådrivar både internt i embetet og eksternt gjennom fylkesberedskapsrådet, i møte med kommunane og i dialog med oppdragsgjevarar. Å forstå rolla som staten sin representant i regionen er derfor sentralt for stillinga.

Som leiar for seksjonen blir du ein del av verksemdsområdet si leiargruppe og får ansvar for å leie og vidareutvikle seksjonen og medarbeidarane i tråd med Statsforvaltaren sine instruksar, verdiar og mål. Du vil ha delegert fag- og personalansvar for dei 10 medarbeidarane i seksjonen og rapporterer til områdedirektøren.

Stillinga er nyoppretta og plassert i vårt verksemdsområde for berekraftig naturbruk. Seksjonen har ansvar for våre oppdrag knytt til samfunnstryggleik og beredskapsarbeid, klagesaker etter plan- og bygningsloven m.fl. Seksjonen følger opp og rettleiar kommunane innafor desse områda og samordnar arbeidet med samfunnstryggleik i fylket.

Vi søkjer deg som har solid kompetanse innafor samfunnstryggleik og beredskap og det er ønskeleg med erfaring frå personalleiing. Det er ein fordel med kunnskap om plan- og bygningsrett.

Til å utføre desse oppgåvene søkjer vi etter deg som har

  • relevant høgare utdanning gjerne innan samfunnstryggleik og beredskap eller master i rettsvitskap.
  • relevant erfaring og kompetanse om korleis plan- og bygningsrett og samfunnssikkerheit og beredskapsarbeid er organisert og verker i den offentlege forvaltninga.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • gode samarbeidsevner internt og eksternt.
  • god arbeidskapasitet og er strukturert.
  • gode leiareigenskapar.
  • tar initiativ og arbeider sjølvstendig og målretta
  • evne til å handtere media og er trygg i leiarrolla som møteleiar, innleiar og tilsynsleiar

 

Den som vert tilsett må kunne tryggleiksklarerast for Strengt Hemmeleg.

Førarkort klasse B er ein føresetnad. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk.

Vi tilbyr

  • ein utfordrande jobb
  • eit utviklande og godt arbeidsmiljø
  • løn som 1059 underdirektør med lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk.
  • fleksibel arbeidstid og medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadane er prøvetid.

 

Utviklinga av organisasjonen vår er i ein kontinuerleg prosess, og den som blir tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Nærare opplysninger

Ta gjerne kontakt med områdedirektør Frank Madsøy, tlf. 97171493, e-post: frank.madsoystatsforvalteren.no om du har spørsmål knytt til stillinga.

Ønskjer du å gjere deg betre kjent med oss, kan du finne meir informasjon på www.statsforvaltaren.no/mr

Slik søkjer du

Du søkjer elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til Jobbnorge. Link til denne ligg på heimesida vår og på NAV sine sider. Vi ber om at du lastar opp vitnemål/ karakterutskrifter (gjerne direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand. Søkjarar som ønskjer å vere unntatt offentlegheit, må grunngje dette særskilt.

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen om du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten på Statens arbeidsgiverportal.  Eit slikt kryss i jobbsøkarportalen vert brukt ved utarbeiding av anonymisert statistikk til årsrapporten vår.

 

Stillinga har stillingsnr. 2407.

Om arbeidsgiveren:

Statsforvaltaren er den fremste representanten for staten i fylket, og skal arbeide for å følgje opp Stortinget og Regjeringa sine mål og retningsliner. Arbeidsoppgåvene dekkjer eit vidt arbeidsfelt og omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan sektorane helse, utdanning, landbruk og miljøvern.

Statsforvaltaren skal òg samordne anna statleg forvaltning i fylka og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og utfører oppgåver for ei rekkje departement og direktorat.

 

País del trabajo: Noruega.

Región: Møre og Romsdal.

Ver 108 ofertas de trabajo en "Møre og Romsdal" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 04 de Mayo de 2024, y con identificador de la vacante:38f90f63-8544-47d3-9cba-32dcd773ce11.