Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > trabajador social de apoyo a las familias/trabajadora social de apoyo a las familias > Familieterapeut I Fjord Kommune

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Familieterapeut i Fjord kommune. Møre og Romsdal. Noruega

Búsqueda de trabajador social de apoyo a las familias/trabajadora social de apoyo a las familias en Noruega (Møre og Romsdal)

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales › Especialistas en ciencias sociales y teología › Profesionales del trabajo social › trabajador social/trabajadora social › trabajador social de apoyo a las familias/trabajadora social de apoyo a las familias.

Traducción de la profesión: Professionals › Legal, social and cultural professionals › Social and religious professionals › Social work and counselling professionals.

Descripción de la oferta de trabajo:

Vil du vere med å etablere og utvikle eit psykisk helse- og rustilbod for barn og unge i Fjord kommune?

Kommunen har motteke tilskot til etablering av eit lavterskeltilbod for barn, unge og familiar innafor psykisk helse og rus. Tilbodet vil organiserast innafor psykisk helse- og rusteneste. Her vil du arbeide tverrfagleg saman med psykisk helsearbeidar, psykisk sjukepleiar og kommunepsykolog, og i nært samarbeid med helsestasjon og skulehelsetenesta. Som tilsett hos oss vil du vereein viktig brikke i kommunens "betre tverrfagleg innsats" (BTI), og bidra på ulike arena for å skape eit heilskapleg tilbod til barn, unge og familiar. 

Vil du vere med å forme din eigen arbeidskvardag? Vi ser etter deg som er utviklingsorientert, fagleg sterk og likar å samarbeide med andre. Du kan sjå barn og unges vansker i fleire perspektiv på system- og individnivå, likar utfordringar og er løysingsorientert.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju

Arbeidsoppgåver

  • Delta i etableringa og forme det nye psykiske helsetilbodet for barn, unge og familiar
  • Kartlegging
  • Terapisamtalar med barn og familiar
  • Foreldreveileding og utviklingsstøttande samtaler med barn og pårørande
  • Endringsorientert systemarbeid
  • Tett samarbeid med andre kommunale tenester og med psykisk helsevern for barn og unge (BUP) i enkeltsaker og på systemnivå.
  • Pårørandesamtale
  • Andre kliniske oppgåver innan psykisk helse og rus ved behov/mulegheit.
Kvalifikasjonar
  • Helse- og sosialfagleg utdanning på bachelornivå med relevant vidareutdanning
    • Ønskeleg med vidareutdanning i familieterapi
  • Kjennskap til organisering av hjelpetenesta i 1. og 2. linjetenesta
  • Erfaring frå klinisk arbeid med barn, unge og familiar (i psykisk helsevern eller i kommunal kontekst).
  • Det er ønskeleg med erfaring frå endringsarbeid på systemnivå, førebyggjande arbeid og tidleg innsats
  • Erfaring med pårørandestøttande tiltak og gjerne sertifisering i ICDP, COS-P eller anna metodikk
  • Førarkort klasse B
  • Beherske norsk skriftleg og muntleg
    • bør også beherske engelsk muntleg
    • Fjord kommune har nynorsk som målform
  •  Personleg eignaheit vert vektlagt
Personlege eigenskapar
  • Tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
  • Kan sjå heilhetleg på problemstillingar
  • Gode relasjonelle evne og kommunikasjonsferdigheiter
  • Kan arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
  • 100 % prosjektstilling inntil 2 år med mulegheit for fast tilsetting
  • Stor mulegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Delta i utviklingsarbeid
  • Fagleg utvikling og veileding av kommunepsykolog
  • Sertifisering i ICDP
  • Fleksibel arbeidskvardag i samsvar med kommunen sitt fleksitidsreglement
  • Godt og trygt arbeidsmiljø med fokus på mestring og kollegastøtte
  • Lønn etter avtale og i samsvar med garantilønn og ansiennitet for KS
  • Pensjon i KLP
KontaktinformasjonRønnaug Hove, Leiar Fjord helse, 41867937

Kristian Dirdal, Kommunepsykolog, 41867948, kristian.dirdalfjord.kommune.no

ArbeidsstadGrandegata 54

6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord kommune

Referansenr.: 4834110156

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 05.08.2024

Søknadsfrist: 14.07.2024

Om arbeidsgiveren:

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

País del trabajo: Noruega.

Región: Møre og Romsdal.

Ver 83 ofertas de trabajo en "Møre og Romsdal" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 29 de Junio de 2024, y con identificador de la vacante:372b32fd-e395-4b4e-8029-870f6a13680b.