Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > periodista > Vil Du Jobba Som Journalist I Sommar?

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Vil du jobba som journalist i sommar?. Noruega

Oferta de empleo en Noruega de periodista

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales › Autores, periodistas y lingüistas › Periodistas › periodista.

Traducción de la profesión: Professionals › Legal, social and cultural professionals › Authors, journalists and linguists › Journalists.

Descripción de la oferta de trabajo:

Om sommaren florerer folkelivet i Tysnes kommune. Tysnes er sommarkommune nummer 1, og hyttegjestar og andre ferierande sørger for meir enn dobling av innbyggjartalet. Det store høgdepunktet er Tysnesfest, festivalen som samlar tusenvis av menneske og dei største artistane i landet til folkefest midt i juli.

Alt dette skal Bladet Tysnes vera til stades på, og vidareformidla til alle med hjarta for Tysnes. Me skal ikkje berre vera med på alle sommaropplevingane, me skal og dokumentera dei for alle framtid, og skildra dei vidare for våre lesarar.

Me søker dermed etter sommarvikarar til det me meiner er den beste sommarjobben i verda.

Me ser etter deg som:

  • har godt humør og entusiasme.
  • er glad i å skriva og ta bilete.
  • kan jobba både sjølvstendig og i lag med gode kollegaer.
  • ynskjer å spegla ulike sider av Tysnes-samfunnet.
  • trivst med å kasta deg ut i nye utfordringar.

Hos oss blir du ein viktig del av avisredaksjonen, og ein del av eit tett og godt arbeidsmiljø. Du får:

  • ein variert og spennande arbeidsdag.
  • stor tillit og mykje ansvar.
  • sjansen til å jobba med eigne idear og saker.
  • høve til å utvikla dine journalistiske eigenskapar.
  • moglegheiter for framtidig frilansarbeid.

Bakgrunn frå journalistisk arbeid er ein fordel, men du kjem langt med stor entusiasme, pågangsmot og lærevilje. Ei grunnleggjande forståing av korleis det journalistiske arbeidet fungerer er likevel naudsynt.

Du bør ha førarkort og disponera eigen bil. Det må påreknast arbeid både på kveldstid og i helger.

Søknad kan sendast til redaktør og dagleg leiar Øyvind Bjerkestrand, e-post: oyvindtysnesbladet.no

Ta gjerne kontakt viss det er spørsmål om stillinga.

Om arbeidsgiveren:

Bladet Tysnes er ein avis som tar pulsen på Tysnes kommune i hjarta av Sunnhordland. "Tysnes" er den avisa i landet med størst opplag sett i forhold til folketalet i kommunen. Forutan lesarar innad i kommunen, har avisa mange abonnentar utanfor Tysnes sine grenser, som ynskjer å halda seg oppdaterte på kva som rører seg i Tysnes-samfunnet.

Me er fem faste tilsette, og har flotte lokale sentralt i hamna i Våge.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: BLADET TYSNES AS.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 02 de Mayo de 2024, y con identificador de la vacante:54347b9d-a849-4dc6-bafb-da2cdcbea685.

Ver las 5 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales › Autores, periodistas y lingüistas › Periodistas › periodista ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: