Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Psicólogos > Vikariat For Psykolog - Avdeling For Rusmedisin, Afr Legemiddelassistert Rehabilitering (lar)

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Vikariat for psykolog - Avdeling for rusmedisin, AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Contratación de Psicólogos en Hordaland (Noruega)

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Especialistas en ciencias sociales y teología : Psicólogos.

Professionals : Legal, social and cultural professionals : Social and religious professionals : Psychologists

Descripción de la oferta de trabajo:

Avdeling for rusmedisin (AFR), Haukeland universitetssjukehus har ansvar for behandling og oppfølging av menneske med avhengigheitslidingar. Vi har om lag 340 tilsette og gjev eit stort og variert behandlingstilbod. AFR har tre seksjonar for døgnbehandling: Tertnes, Floen og Askøy. Vi har ein seksjon for ambulant verksemd og to seksjonar for polikliniske tenester: AFR poliklinikk og AFR LAR poliklinikk. AFR har i tillegg ein eigen forskingseksjon.

Avdeling for rusmedisin, LAR, har ansvaret for behandlinga til pasientane i LAR i Bergensområdet. Vi har totalt om lag 100 tilsette fordelt på 7 poliklinikkar i ulike bydelar i Bergen, samt eit eige team for pasientar i omegnskommunane. Eininga er tverrfagleg samansett med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, merkantile, legar og psykologar. Det er ein psykologspesialist i seksjonen, samt seks psykologar.

Etter nokre års oppbygging av eininga er vi i gang med ein større satsing på psykologisk behandling for pasientane. Vi er i gang med å utvikle eit integrert behandlingstilbod med betydeleg fokus på psykososiale perspektiv, som i løpet av dei to neste åra skal inkludere fleire gode gruppe- og dagbehandlingstilbod.

Det er forventa at psykologane i seksjonen skal drive med terapeutisk behandling, samt bidra med psykologisk forståing og tenking til medarbeidarar gjennom rettleiing, undervising og samarbeid i team.

Vi lyser no ut eit vikariat som psykolog i LAR team Bergenhus. Arbeidsstaden vil vere dels i LAR Bergenhus sine polikliniske lokale på Engen, og dels i våre polikliniske lokale i Østre Murallmenning 7 i Bergen sentrum. Vikariatet er ledig frå mars og fram til 31.08.2019, med moglegheit for forlenging fram til januar 2020. Ein vil i dette vikariatet vere tilknytta LAR team Bergenhus, med arbeidsstad i Bergen sentrum.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og diagnostisering
  • Behandling - individuelt, ambulant, familie og i gruppe
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Rettleiing og undervising eksternt og internt
  • Samarbeid med pasienten sitt nettverk
  • Tilvise til behandling i døgninstitusjon i TSB ved behov
  • Delta i planlegging og gjennomføring av nye terapeutiske tiltak for pasientar i LAR
  • Arbeidsstad vil vere i Bergen sentrum

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Erfaring frå arbeid med pasientar med samansette sjukdomar innan rus og psykiatri vil telje positivt
  • Kompetanse på eller erfaring med behandling av pasientar med komplekse behov som inkluderer vald, truslar og traume er ønskjeleg

Utdanningsretning

  • Psykologi

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Personlege Eigenskapar

  • Engasjement, vilje og evne til å jobbe over tid med pasientar med stor sjukdomsbyrde og samansett problematikk
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men i tverrfagleg samarbeid, integrert og som støtte for andre faggrupper
  • Fleksibilitet i arbeidsmetodikk og tilnærming til pasientane
  • God kompetanse i å uttrykke seg både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Personleg og fagleg utvikling

  • Deltaking i utviklinga av ein heilskapleg behandlingsmodell for ein sårbar gruppe pasientar med stor sjukdomsbyrde

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

  • mogleik følgje pasientar over lang tid i behandling

  • Eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø

  • Støtte frå psykologkollegaer

  • Støtte til spesialiseringsløp innan rus, vaksen eller terapi

  • Lønn i samsvar med gjeldende overeinskomst

Andre opplysningar

  • Noe reisevirksomhet må påregnes

KontaktinformasjonHallbjørg Hage, Psykologspesialist, 99271899, hallbjorg.hagehelse-bergen.no

Arbeidsstad

 Bergen

Nøkkelinformasjon: Annonsør:Helse Bergen

Ref. nr.:4024089514

Stillingsbrøk: 100%

Vikariat heltid

Startdato: 08.03.2019

Sluttdato: 31.08.2019

Tal på stillingar: 1

Søknadsfrist: 21.02.2019

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4024089514&company_id=1528051613&culture_id=NN-NO

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 468 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de puesto: Determinado.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: Helse Bergen.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:12091902000149.

Ver las 192 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Especialistas en ciencias sociales y teología : Psicólogos ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: