Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Directores de recursos humanos > Tilretteleggar For Hjelpekorps

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Tilretteleggar for hjelpekorps. Vestland. Noruega

Oferta de trabajo en Noruega (Vestland) de Directores de recursos humanos

Clasificación del trabajo: Directores y gerentes › Directores administradores y comerciales › Directores de administración y servicios › Directores de recursos humanos.

Traducción de la profesión: Managers › Administrative and commercial managers › Business services and administration managers › Human resource managers.

Descripción de la oferta de trabajo:

Det er 27 hjelpekorps med 550 godkjende hjelpekorpsarar i Røde Kors i Sogn og Fjordane. Dette gjer Sogn og Fjordane til eit av dei største hjelpekorpsdistrikta i landet. Mange av hjelpekorpsa vart stifta i etterkrigsåra. I tråd med samfunnsutviklinga har korpsa og dei frivillige utvikla ny kunnskap og nye ferdigheiter for å hjelpe dei som treng det.

Naturen i vårt område er mektig, rik og vakker. Det innbyr til at stadig fleire brukar naturen. I eit folkehelseperspektiv er det bra, men ikkje alle er budd for det som møter dei, og andre er uheldige. Hjelpekorpsarane hjelper dei uansett.

Vi ynskjer å rekruttere ein eller ei som skal bidra til å vidareføre og utvikle aktiviteten innan dette viktige innsatsområdet i Sogn og Fjordane. Du vil arbeide tett saman med og på vegne av eit særs aktivt og engasjert distriktsråd. Det er samansett av aktive hjelpekorpsarar med stor fagleg og operativ erfaring og kunnskap. Vi søker deg som brenn for humanitært arbeid, som er van og trivst med at det er mykje på gang, men som evnar å ha oversikt og orden i høve organisering, framdrift og økonomi. Vi søker etter deg som er dyktig på å lytte, og til å sjå det dine frivillige oppdragsgjevarar treng av bistand og tilrettelegging, og som leverer dette. Du trives med å representere og arbeide for hjelpekorpsa og deira saker og interesser, og er ein god rådgjevar for dine næraste frivillige tillitsvalde. Ja, vi søker deg som ser potensialet i Røde Kors og har auge for korleis hjelpekorpsa sine bidrag i redningstenesta vert styrka.

Arbeidsoppgåver

  • Sekretær, tilretteleggar og rådgjevar for distriktsråd hjelpekorps, og distriktet sine fag- og spesialgrupper, inkludert administrasjon, budsjett- og rekneskapsoppfølging
  • Utforme kurs- og opplæringsplan i tett samarbeid med råd, fag- og områdeleiarar, og bidra aktivt til at den blir kjent, og at kurs og samlingar blir gjennomført
  • Dialog med oppdragsgjevarar og samarbeidspartnarar i redningstenesta, og bidrag til  avklaringar for hjelpekorpsa sin aktivitet kva gjeld lovverk, retningsliner og avtalar
  • Kontaktperson for fagområdet i høve nasjonalkontoret og lokale Røde Kors-ledd 
  • Søknader om finansiering av distriktsaktivitet og investeringar, og bistand til lokale korps i den samanheng, samt ved andre søknader internt og til eksterne partar
  • Rådgjevar og støttespelar for lokale korps, og for frivillige som er eller ynskjer å bli hjelpekorpsar, inkludert å bistå ved regodkjenning og vedlikehald av kompetanse
Kvalifikasjonar
  • Høgare relevant utdanning. Lang, brei og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Tre-fem års relevant arbeidserfaring 
  • Du har god forståing for og erfaring med økonomisk/administrative oppgåver
  • Hjelpekorpsa er blant dei digitale pådrivarane i Røde Kors. Du har difor god forståing for og erfaring med digitale systemløysingar
  • Du har kjennskap til redningstenesta, og god forståing for hjelpekorpsa si rolle i den samanheng
  • Du har gode analytiske evner, og kjenner relevante analyse- og innsiktsverktøy
  • Du er ein god menneskekjennar og evner å tilpasse dine bidrag og påtrykk
Personlege eigenskapar
  • Er ryddig, nøyaktig og strukturert. 
  • Kan jobbe både planmessig og improvisere. 
  • Har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team. 
  • Du likar å hjelpe andre til å lykkast 
  • Du har god samfunnsforståing 
  • Du er sjølvgåande
  • Det vil vere ein fordel med god innsikt i organisasjonsarbeid, forståing for arbeidsforma i ein frivillig organisasjon og evne til å tilpasse seg denne. 

Personlig egnethet vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Meiningsfylte og spanande arbeidsoppgåver i Norges største frivillige humanitære organisasjon.
  • Engasjerte kollegaer og bredt kontaktnett i ein mangfaldig organisasjon.
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidstilhøvet vert regulert av dei/den til einkvar tid gjeldande tariffavtale(r) i verksemda, for tida: Hovudavtalen Tekna og Funksjonæravtalen Negotia.

Stillinga inneber noko reising. Den tilsette må ha førarkort, og må rekne med noko forskjøven arbeidstid, med kvelds- og helgearbeid.

Røde Kors er opptatt av mangfald. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om det er behov.

  KontaktinformasjonDag Hovland, Dagleg leiar, Sogn og Fjordane Røde Kors, 90894974

ArbeidsstedLangebruvegen 28

6800 Førde

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Røde Kors

Referansenr.: 4820364235

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.06.2024

Om arbeidsgiveren:

Røde Kors er verdas største frivillige, humanitære organisasjon. I Norge har Røde Kors over 44 000 frivillige i 380 lokalforeiningar over heile landet. Organisasjonen arbeider for å avdekke, hindre og lindre menneskeleg naud og liding både nasjonalt og internasjonalt. Som beredskapsorganisasjon og støtteaktør for styresmaktene arbeider Norges Røde Kors for å styrke samfunnet si beredskapsevne. Les meir: www.redcross.no

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestland.

Ver 218 ofertas de trabajo en "Vestland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 01 de Junio de 2024, y con identificador de la vacante:c86e381a-5c61-42ea-a7fb-953165619345.

Ver las 12 ofertas de trabajo de Directores y gerentes › Directores administradores y comerciales › Directores de administración y servicios › Directores de recursos humanos ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: