Ir a la versión más ligera, para móviles
en Español in English auf Deutsch en Français ...

Spesialtannlege (20 % bistilling). Hordaland. Noruega

Ofertas de Dentistas en Hordaland (Noruega)



Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Otros profesionales de la salud : Dentistas.
Professionals : Health professionals : Other health professionals : Dentists.

Descripción de la oferta de trabajo:

Jobbnorge ID: 146464

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei åremålsstilling som spesialtannlege (20 % bistilling) for en periode på fem (5) år med tilsetjing så snart som mogleg ved Seksjon for oral kirurgi og oral medisin. Stillinga er knytt til hovudstilling som oralkirurg ved Kjevekirurgisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus. Arbeidsstad er Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet, Årstadveien 19, Bergen.

 

Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen har fem institutt. Ved Institutt for klinisk odontologi er hovudoppgåvene forsking, forskarutdanning, formidling og utdanning av tannlegar og tannpleiarar, samt spesialist-/spesialutdanning i kliniske odontologiske fag. Odontologisk klinikk er ein integrert del av instituttet.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar professor Anne N. Åstrøm, telefon +47 55 58 66 04 eller e-post: Anne.AstromReemplazar por una arrobaiko.uib.no eller seksjonsleder professor Trond Berge, telefon +47 55586592 eller e-post: trond.bergeReemplazar por una arrobauib.no

 

Arbeidsoppgåver

Spesialtannlegen skal delta i seksjonen og fagområdet sin teoretiske og kliniske undervisning for odontologi- og tannpleiarstudentar og spesialistkandidatar. Undervisninga omfattar seminar- og klinikkundervisning. I tillegg inngår utvikling av undervisningsmateriell, og tilrettelegging av og deltaking i klinisk forsking og i faglege fora. Spesialtannlegen må vere ansvarshavande på kliniske økter, utgreie, tilrettelegge, rettleie og behandle pasientkasus på ulike nivå. I tillegg vil det vere aktuelt og vere med på å utvikle Universitetsklinikken ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mulig å delta i faglege fora og i pasientnær forsking.

 

Samarbeid med andre seksjonar er prioritert. Seksjonen har eit nært samarbeid med Kjevekirurgisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus.

 

Spesialtannlegen rapporterer til seksjonsleiar/overtannlege ved Seksjon for oral kirurgi og oral medisin.

 

Det kan leggast andre oppgåver til stillinga.

 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må vere tilsett i fast hovudstilling som oralkirurg ved Kjevekirurgisk avdeling Haukeland Universitetssjukehus, og vere godkjent spesialist i oral kirurgi og oral medisin etter 5-årig studieplan. Søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingstidspunktet. Søkjarar bør kunne dokumentere omfattande klinisk røynsle samt klinisk og teoretisk undervisning. Den som blir tilsett må ha røynsle frå klinisk undervisning i fagområdet oral kirurgi og oral medisin.

 

Den som vert tilsett må ha gode norsk-kunnskapar, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane verte vektlagde.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Vi kan tilby

eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • stilling som spesialtannlege (kode 1016) er lønt i lønssteg 67 etter kvalifikasjonar (for tida 590 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn

Servicio de empleo de origen: NAV, Servicios Públicos de Empleo, Noruega.

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 433 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Fecha de inicio: 14/01/2018.

Nº de vacantes: 1.

Alojamiento facilitado: No.

Traslado incluido: No.

Se requieren cualificaciones profesionales: No.

Salario: 0.0 NOK mínimo y 0.0 NOK máximo (Anualmente).

Cómo solicitar: Otros (véase la descripción).

Empresa: Universitetet i Bergen.

Dirección: Årstadveien 19 5020 BERGEN.





Ver las 112 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Otros profesionales de la salud : Dentistas ofertadas.

Ofertas de trabajo similares:

Spesialtannlege (20 % bistilling). Noruega, 14 Ene. 2018.

Tannlege - Laksevåg tannklinikk. Noruega, 13 Ene. 2018.

Klinikkleiar - THD. Sentrum, Solheimsviken. Noruega, 13 Ene. 2018.

Tannlege - Solheimsviken tannklinikk. Noruega, 13 Ene. 2018.

Tannlege ved Trysil tannklinikk. Noruega, 12 Ene. 2018.

Utdanningsstilling - TK Vest / avd Hordaland administrasjon. Noruega, 06 Ene. 2018.

Tandläkare till förmånligt uppdrag i Alta, Norge. Noruega, 10 Dic. 2017.

Tannlege eller tannpleier. Noruega, 03 Dic. 2017.