Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > enfermero responsable de cuidados generales/enfermera responsable de cuidados generales > Sjukepleiarar Og Venepleiarar I Nyoppretta Sjukepleierteam

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Sjukepleiarar og venepleiarar i nyoppretta sjukepleierteam

Ofertas de empleo en Noruega (Vestfold og Telemark) de enfermero responsable de cuidados generales/enfermera responsable de cuidados generales

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales de la salud › Profesionales de enfermería y partería › Profesionales de enfermería › enfermero responsable de cuidados generales/enfermera responsable de cuidados generales.

Traducción de la profesión: Professionals › Health professionals › Nursing and midwifery professionals › Nursing professionals.

Descripción de la oferta de trabajo:

Sjukepleiarar og venepleiarar i nyoppretta sjukepleierteam.

Sjukepleiar/vernepleiar i sjukepleiarteam 100 % stilling med dag/kveldsvakter.

Sjukepleiar i sjukepleiarteam 100 % på natt.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar/vernepleiar -- 3. årsstudentar er velkomne til å søkje
  • Førarkort klasse B
  • Beherske norsk både munnleg og skriftleg
  • Gode IKT-ferdigheiter

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Opptatt av sjukepleiarfaget og fagutvikling
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Vere fleksibel og løysningsorientert
  • Trivast med ein hektisk og innimellom uforutsigbar arbeidsdag
  • Positiv og ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Arbeidsoppgaver

  • Utføre sjukepleiaroppgåver med høg kvalitet, både pasientnært og administrativt
  • Sjukepleieprosedyrar
  • Kartlegging, oppfylging og dokumentasjon
  • Kontakt med samarbeidspartnarar som lege, sjukehus, tildelingskontor, pårørande, apotek
  • Medikamenthandtering
  • Vere tilgjengeleg, rådgje og bistå avdelingane

Vi tilbyr

I enden av Telemarkskanalen finn du kommunesenteret Dalen, som byr på perler som Soria Moria, Dalen Hotel, Rui og ei triveleg handlegate i sentrum med spanande butikkar og kafé. Her er Tokke helsesenter, med sjukeheim, omsorgssenter, heimeteneste, dagavdeling, kjøkken, helsestasjon, legekontor, psykisk helse og rus, samt fysio- og ergoterapeut lokalisert under same tak. Tokke kommune satsar på god kompetanse innafor palliasjon og lindrande behandling, og deltar i fleire prosjekt i tilknyting til dette. Lokal blod-kreft avdeling er også lokalisert på Tokke helsesenter. Me har eige simuleringsrom, som brukas til fagutvikling, internundervisning, kurs og øving på prosedyrar.

Gjennom 2024 endrar me organisering av kommunens helse- og omsorgsteneste. I denne prosessen er det utarbeidd ein tydeleg oppgåvefordeling mellom sjukepleiar, helsefagarbeidar og avdelingsmedarbeidar. Ved å utnytte alle ressursane våre på ein betre måte, brukar me rett kompetanse på rett stad til rett tid. Som resultat gjer me nokre endringar i organisasjonen. Sjukepleiarane blir tatt ut av avdelingane og samla i eit felles sjukepleiarteam, ein helsefagarbeidar blir gruppeleiar på kvar avdeling og me opprettar 2 nye stillingar som avdelingsmedarbeidar. Ny organisering trer i kraft ved oppstart av ny årsturnus i november 2024.

For å fylle det nyoppretta sjukepleiarteamet vårt har me behov forein sjukepleiar/vernepleiar i 100 % stilling på dag og kveld, og ein sjukepleiar i 100 % stilling på natt. Sjukepleiarteamet består av ein god gjeng dyktige sjukepleiarar, leia av koordinerande fagsjukepleiar og avdelingssjukepleiar. Me har årsturnus, så du kan i stor grad tilpasse turnusen til din livssituasjon. Som sjukepleiar/vernepleiar i sjukepleiarteam, vil du få ein svært variert og spennande arbeidskvardag. Sjukepleiarane har eigne arbeidslister, og skal i tillegg rykke ut ved akutte eller uavklarte hendingar. Sjukepleiarteamet har det overordna sjukepleiefaglege ansvaret for rundt 90 heimebuande tenestemottakarar, i tillegg til dei 28 plassane på sjukeheimen. Basen blir på Tokke helsesenter.

Me kan tilby:

  • Rimeleg leilegheit i eit år
  • Fagdag i turnus
  • Årsturnus
  • Konkurransedyktig løn med lokal lønsstige
  • Støtte til relevant vidareutdanning
  • Godt arbeidsmiljø med varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gratis SFO og rimelege barnehagar med ledige plassar og løpande opptak
  • Makspris på straum

Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Om arbeidsgiveren:

Kraft- og kulturkommunen Tokke ligg i Vest -- Telemark, og har eit mangfald av kultur- og naturopplevingar, gode buplassar både i sentrum og i landlege grender, eit stort idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til eit spennande næringsliv. Tokke kommune blei for andre år på rad kåra til beste kommune for barn og unge i Unicefs kommuneanalyse i 2022. Du kan lese meir om korleis det er å bu i Tokke her (link til <>)

I enden av Telemarkskanalen finn du kommunesenteret Dalen, som byr på perler som Soria Moria, Dalen Hotel, Rui og ei triveleg handlegate i sentrum med spanande butikkar og kafé.

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestfold og Telemark.

Ver 111 ofertas de trabajo en "Vestfold og Telemark" (Noruega).

Número de puestos: 4.

Empleador: TOKKE KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 30 de Mayo de 2024, y con identificador de la vacante:5ad09927-e0d5-47c1-8e63-1693cb0b3ba0.

Ver las 380 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales de la salud › Profesionales de enfermería y partería › Profesionales de enfermería › enfermero responsable de cuidados generales/enfermera responsable de cuidados generales ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: