Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Seniorrådgivar/rådgivar - Barnevern

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Seniorrådgivar/rådgivar - barnevern. Møre og Romsdal

Oferta de trabajo en Møre og Romsdal (Noruega)

Descripción de la oferta de trabajo:

Om stillinga

I seksjon sosial og familie har vi ledig fast stilling som seniorrådgivar/ rådgivar barnevern. Seksjonen følgjer opp Stortinget og regjeringa sin politikk gjennom saksbehandling, rådgiving, klage- og tilsyn og kompetanse- og kvalitetsutvikling.

Stillinga sine hovudoppgåver er tilsyn, klagesaksbehandling og rettleiing.  

Til å utføre desse oppgåvene søkjer vi deg med

  • sosialfagleg utdanning på høgskolenivå med relevant erfaring innan barnevern, eller master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen

Det er ikkje eit krav, men det blir lagt vekt på om du har

  • erfaring med saksbehandling frå offentleg sektor
  • erfaring fra området barnevern eller tilstøytane rettsområde
  • relevant erfaring om korleis barnevernsarbeidet er organisert, og verker i den offentlege forvaltninga
  •  god skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • god samarbeidsevne
  • evne til sjølvstendig arbeid
  • fagleg engasjement

 

Personlege eigenskapar blir vektlagt. 

Politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader må kunne leggjast fram før tilsetting, jf. barnevernloven § 12-11 fjerde ledd. 

Stillinga inneber ein del saksbehandling. Den som blir tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. 

Utviklinga av organisasjonen vår er i ein kontinuerleg prosess, og den som blir tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Vi tilbyr

  • utfordrande og spennande oppgåver i eit tverrfagleg miljø med høve til fagleg utvikling
  • løn som 1364 seniorrådgivar/ 1434 rådgivar med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innafor fagområdet. 
  • fleksibel arbeidstid og medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa. 
  • tilsetting  etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadane er prøvetid. 

Spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med underdirektør Grete Teigland, 90 04 10 63,  e-post:  grete.teiglandstatsforvalteren.no om du har spørsmål knytt til stillinga.

Ønskjer du å gjere deg betre kjent med oss, kan du finne meir informasjon på www.statsforvaltaren.no/mr

Når det gjeld rekrutteringsprosessen med meir, kan du lese meir på heimesida vår her.

Slik søkjer du

Du søkjer elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til Jobbnorge. Link til denne ligg på heimesida vår og på NAV sine sider. Vi ber om at du lastar opp vitnemål/ karakterutskrifter (gjerne direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar. 

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand. Søkjarar som ønskjer å vere unntatt offentlegheit, må grunngje dette særskilt. 

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen om du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten på Statens arbeidsgiverportal.  Eit slikt kryss i jobbsøkarportalen vert brukt ved utarbeiding av anonymisert statistikk til årsrapporten vår. 

Stillinga har stillingsnr. 2409

Om arbeidsgiveren:

Statsforvaltaren er den fremste representanten for staten i fylket, og skal arbeide for å følgje opp Stortinget og Regjeringa sine mål og retningsliner. Arbeidsoppgåvene dekkjer eit vidt arbeidsfelt og omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan sektorane helse, utdanning, landbruk og miljøvern.Statsforvaltaren skal òg samordne anna statleg forvaltning i fylka og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og utfører oppgåver for ei rekkje departement og direktorat.

País del trabajo: Noruega.

Región: Møre og Romsdal.

Ver 104 ofertas de trabajo en "Møre og Romsdal" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 08 de Junio de 2024, y con identificador de la vacante:646533f3-c97f-45de-b5bd-e3f2f2525fad.