Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > arquitecto paisajista/arquitecta paisajista > Rådgjevar - Sikkerheit Og Beredskap
en Español in English auf Deutsch en Français ...
Rådgjevar - sikkerheit og beredskap. Vestland. Noruega
Búsqueda de arquitecto paisajista/arquitecta paisajista en Vestland (Noruega)
Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales de las ciencias y de la ingeniería › Arquitectos, urbanistas, agrimensores y diseñadores › Arquitectos paisajistas › arquitecto paisajista/arquitecta paisajista.
Traducción de la profesión: Professionals › Science and engineering professionals › Architects, planners, surveyors and designers › Landscape architects.
Descripción de la oferta de trabajo:
Brenn du for sikkerheit og beredskap og ønsker å vere ein ressursperson på fagområdet? I denne stillinga vil du få jobbe overordna for heile Vestland fylkeskommune i samarbeid med dyktige fagpersonar innan sikkerheit og beredskap. Vi legg stor vekt på samhandling på tvers i organisasjonen, og gode
samarbeidsevner er ein føresetnad for å lukkast.
Seksjon for sikkerheit og støttetenester er organisatorisk plassert i avdeling for IKT og digitalisering. Seksjonen har det overordna ansvaret for førebyggjande aktivitetar innan fagområdet, og gir føringar for
sikkerheits- og beredskapsarbeidet i heile Vestland fylkeskommune. I tillegg har seksjonen oppgåver og
ansvar innan koordinering og samhandling, økonomi, HR, informasjonstryggleik, personvern og prosjektleiing.
Arbeidsoppgåver
- Vidareutvikle styringssystemet for sikkerheit og beredskap. Dette inneber mellom anna å oppdatere og utvikle verdivurderingar, ROS-analysar, VTS-analysar og beredskapsplanverk på
overordna nivå
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av beredskapsøvingar for kriseleiinga
- Bidra i handtering av uønska hendingar
- Rettleie avdelingar i deira arbeid med ROS-analysar, beredskapsplanar og øvingar
- Vidareutvikle arbeidet med personellsikkerheit
- Rådgje avdelingane i beredskapsspørsmål
- Bidra i relevante utgreiingar, fagteam og prosjektgrupper
- Bidra til vidareutvikling av satsinga på sikkerheitskultur
- Bidra til vidareutvikling av tenester og leveransar på fagområdet
Den som vert tilsett må ha:
- Høgskule-/ universitetsutdanning på bachelor- eller masternivå innan sikkerheit, beredskaps og /
eller administrative fag.
- Relevant utdanning kan kompensere for manglande formell kompetanse.
- Den som vert tilsett i stillinga må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELIG.
Det er ein fordel med:
- Relevant erfaringar frå stillinga sine arbeidsoppgåver
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kjennskap til sikkerheitslova
- Kunnskap om og/eller erfaring frå offentleg forvaltning
Vi oppmodar nyutdanna om å søkje.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Jobbar sjølvstendig med høg arbeidskapasitet og leveranseevne
- Strukturert og tek ansvar utover eige arbeidsområde
- Analytiske eigenskapar
- Utviklingsorientert
- Stillingsnemning ingeniør/rådgjevar/spesialkonsulent etter kvalifikasjonar og erfaring
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø
Sondre Lekve Bjelle, fagkoordinator sikkerheit og beredskap, 91573532
ArbeidsstadAskedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4907947194
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025
Om arbeidsgiveren:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
País del trabajo: Noruega.
Región: Vestland.
Ver 77 ofertas de trabajo en "Vestland" (Noruega).
Número de puestos: 1.
Instrucciones para solicitar:
Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 18 de Enero de 2025, y con identificador de la vacante:a2664dea-d65b-44d7-9e7f-82d116bab4a6.
Ofertas de trabajo similares:
- Landschaftsarchitekt:in, Freiraumplaner:in m/w/d (Landschaftsarchitekt/in). Alemania, 20 Oct. 2024.