Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > Psicólogos > Psykologspesialist Eller Erfaren Psykolog - øyane Dps, Allmennpsykiatrisk Poliklinikk

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Psykologspesialist eller erfaren psykolog - Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk

Ofertas de empleo en Hordaland (Noruega) de Psicólogos

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Especialistas en ciencias sociales y teología : Psicólogos.

Professionals : Legal, social and cultural professionals : Social and religious professionals : Psychologists

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4138926376 Presentasjon av stillingen:

Ønskjer du å bidra i eit distriktspykiatrisk senter i vekst?

Vi har ledig stilling som psykologspesialist og/eller psykolog ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk. Startdato etter nærare avtale.

Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Området har 65 000 innbyggjarar og har hatt sterk befolkningsvekst. Allmennpsykiatrisk poliklinikk har etablert eige team for MBT. MBT behandling gis både individuelt og i gruppe. Det blir bygd opp eit <> tilbod knytta til poliklinikken kor det blir tilbydd ulike former for gruppeterapi, mellom anna traumestabilisering, metakognitiv interpersonleg gruppeterapi og DBT-basert behandling for pasientar med ADHD.

Vi ønskjer oss fleire fagleg engasjerte medarbeidarar som kan bidra i utviklinga av Øyane DPS og vi vil ha kontakt med deg som har noko du brenn for i utgreiing og behandling av psykiske lidingar.

Øyane DPS er lokalisert i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå Sentrum av Bergen. Her finn du to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon med 8 plassar og seksjon for psykoselidingar med 8 plassar. Vidare har vi rehabiliteringspoliklinikk og ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande ambulant akutteam.

Allmennpsykiatrisk poliklinikk som består av fire team. To av teama er allmennpsykiatrisk tverrfagleg med psykologspesialist som teamleiar og overlegar i full stilling. Dei består elles av psykologar, psykiatrisk sjukepleiar og sosionom. Det tredje teamet er ambulant akutteam (AAT), med fast psykiater, psykolog og erfarne psykiatriske sjukepleiarar. Elles har vi eige team for MBT.

Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima og arbeidsmiljø og har brei kompetanse med rom for ulike terapeutiske fordjupingar. Vi har kompetanse innan MBT, psykoedukasjon, kortidsdynamiske og andre relasjonelt orienterte behandlingsformer, kognitiv terapi, traumebehandling, CBT-E for spiseforstyrringar, gruppebehandling og biologiske behandlingsmetodar. Vi legg vekt på fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling
  • Bidra i fagutvikling og forbetringsarbeid
  • Rettleiingsoppgåver og samarbeid med 1.linetenesta

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialist i klinisk psykologi
  • Psykolog
  • Relevant erfaring
  • Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
  • Søkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg

Utdanningsretning

  • Psykologi

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Personlege eigenskapar

  • Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra i vårt gode arbeidsmiljø
  • Personleg eigna for stillinga

Language

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fagleg utvikling og høve til spissing av kompetanse
  • Spanande utviklingsoppgåver

Kontaktinformasjon

Nina Bjerke, Konstituert seksjonsleiar, 56326600

Arbeidsstad

Blombakkane 75

5353 Straume

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Bergen

Referansenr.:4138926376

Stillingsprosent: 100%

Startdato: 01.12.2019

Søknadsfrist: 03.11.2019

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 466 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: Kronstad DPS.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:12461910000025.

Ver las 233 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Especialistas en ciencias sociales y teología : Psicólogos ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: