Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > organizador de conferencias y eventos/organizadora de conferencias y eventos > Prosjektkoordinator - Drift Nord

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Oferta de empleo de organizador de conferencias y eventos/organizadora de conferencias y eventos en Vestland (Noruega)

Prosjektkoordinator - Drift Nord

Clasificación del trabajo: Técnicos y profesionales de nivel medio › Profesionales de nivel medio en operaciones financieras y administrativas › Agentes de servicios comerciales › Organizadores de conferencias y eventos › organizador de conferencias y eventos/organizadora de conferencias y eventos.

Traducción de la profesión: Technicians and associate professionals › Business and administration associate professionals › Business services agents › Conference and event planners.

Descripción de la oferta de trabajo:

Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna  vert tatt vare på. 

Avdelinga skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg. Ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.

Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap (VDB) har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar med vaktordning der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller flaum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. På vedlikehald er oppgåvene mellom anna tinging og oppfølging av dekkelegging, tunneloppgradering og bru- og kaivedlikehald. Det er eit mål å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. For å få til det er det viktig med eit godt samspel mellom vedlikehald, drift og beredskap,

Vi søkjer no etter ein dyktig prosjektkoordinator med kontorstad Nordfjordeid.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver knytt til ulike fagfelt innanfor drift av veg.
  • Arbeid med økonomirapportering, HMS og kvalitet.
  • Fakturabehandling.
  • Saksbehandling av skadesaker.
  • Sakshandsaming av veglister og dispensasjonssøknadar for heile Vestland fylkeskommune.
  • Oppfølging og arbeid i interne system.
  • Bidra i utarbeiding av langsiktige planar og budsjett.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
  • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.  
  • Relevant utdanning frå fagskule eller høgare utdanning
  • Omfattande og relevant erfaring, samt gode personlege føresetnader kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring innan fagområdet.
  • Det er ein fordel med erfaring frå driftskontraktar, kjennskap til HMS- arbeid og relevante IKT- system.

 

  • Vi er ute etter ein medarbeidar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar Rune Sverre Sande på telefon; 91887230.

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad.
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø.
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Anna informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Stillingstittel vil bli tilpassa til utdanningsnivå. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

KontaktinformasjonRune Sverre Sande, leiar, 91887230

ArbeidsstadLotevegen 23

6778 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4766876070

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 07.04.2024

Om arbeidsgiveren:

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestland.

Ver 239 ofertas de trabajo en "Vestland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 23 de Marzo de 2024, y con identificador de la vacante:afcaa357-414b-45f1-96a3-bc8c5e841033.

Ver las 14 ofertas de trabajo de Técnicos y profesionales de nivel medio › Profesionales de nivel medio en operaciones financieras y administrativas › Agentes de servicios comerciales › Organizadores de conferencias y eventos › organizador de conferencias y eventos/organizadora de conferencias y eventos ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: