Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > Médicos especialistas > Overlege I Radiologi

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Overlege i radiologi. Noruega

Oferta en Noruega de Médicos especialistas

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos especialistas.

Professionals : Health professionals : Medical doctors : Specialist medical practitioners

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4376421683 Presentasjon av stillingen:

Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.

Byen er barnevenleg med nærleik til skular, barnehage og fritidstilbod. Frå Molde lufthamn er det fleire daglege flyavgangar til Oslo og også internasjonale ruter.

Molde by fornyar seg med mellom anna ny sjøfront og fleire spennande kaféar og restaurantar. Sjå meir om byen og regionen her: https://www.visitnorthwest.no/molde/

Radiologisk avdeling Molde og Kristiansund har vanleg radiologisk aktivitet med røntgen, ultralyd, CT og MR, og det blir også gjort ei rekke intervensjonar. Det er eit godt samarbeid mellom avdelinga og dei kliniske avdelingane på begge sjukehusa. Stillinga inneber vakt, for tida sjudelt heimevakt. LIS har tilstadevakt ved Molde sjukehus (åttedelt vakt).

Avdelinga har ledig fast stilling for overlege.

Arbeidsstad er for tida Molde, men avdelinga dekkjer sjukehusa både i Molde og Kristiansund. Arbeidsstad vil bli radiologisk avdeling ved SNR når det nye fellessjukehuset på Hjelset står ferdig i 2024.

Arbeidsoppgåver

  • Beskriving av røntgen, CT og MR, og utføring av ultralyd.
  • Vi prøver å leggje til rette for at ein kan fordjupe seg innan område ein har særskilt interesse for, også når det gjeld intervensjonar.
  • Det kan leggast til rette for arbeid frå heimestasjon i periodar.
  • Stillinga inneber også opplæring og vegleiing av radiologiske LIS.
  • Radiolog utfører demonstrasjonar, og deltek i multidisiplinære team.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må vere spesialist i radiologi
  • Ha norsk autorisasjon
  • Kunne snakke og skrive norsk, eller eit anna skandinavisk språk, flytande.
  • Å ha erfaring med vanlege intervensjonar er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar

  • Det er ønskjeleg med gode evner til samarbeid og fleksibilitet.

Vi tilbyr

  • Eit sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Martin Grotnes, Seksjonsleiar, 71122395

Arbeidsstad

Parkvegen 84

6412 Molde

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.:4376421683

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.05.2021

Om arbeidsgiveren:

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester

til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein

skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal

få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og

utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.

Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har

vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og

rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av

openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du

får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på

laget!

For

meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: HELSE MØRE OG ROMSDAL HF KLINIKK FOR DIOGNOSTIKK LABORATORIER/RADIOLOGI - MOLDE.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:f5f0ecd0-f05f-4d46-8912-575144b69edc.

Ver las 400 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos especialistas ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: