Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > sacristán/sacristana > Kyrkjetenar I Florø

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Kyrkjetenar i Florø. Vestland. Noruega

Contratación en Noruega (Vestland) de sacristán/sacristana

Clasificación del trabajo: Trabajadores de los servicios y vendedores de comercios y mercados › Trabajadores de los servicios personales › Supervisores de mantenimiento y limpieza de edificios › Conserjes › conserje de edificio › sacristán/sacristana.

Traducción de la profesión: Service and sales workers › Personal service workers › Building and housekeeping supervisors › Building caretakers.

Descripción de la oferta de trabajo:

Er du glad i å arbeide, fleksibel og løysingsorientert? Hjå oss kan du utføre ei viktig samfunnsoppgåve.

Kinn kyrkjelege fellesråd har ledig ei fast stilling som sundagskyrkjetenar i 5 prosent. Det er eigen klokkar i Florø kyrkje, så klokkaroppgåvene ligg ikkje til kyrkjetenaren. Oppstart snarast.

Florø kyrkje er ei langkyrkje i tømmer frå 1882, som sidan byggjeåret har vore hovudkyrkje i Kinn prestegjeld. Kyrkja er ei av dei største i fylket, og det er nesten 10 000 som soknar til denne kyrkja. Det er gjort eit vesentleg arbeid med tårnet. Her er 60 forordna gudstenester per år. Hovudkyrkjetenaren, som har fleire kyrkjer, har om lag halvdelen av desse gudstenestene. Det må reknast med to gudstenester kvar månad, men justering i høve med ferie og høgtider. Arbeid i høgtider og kveldar er naturleg i stillinga.

Oppgåver som naturleg ligg til stillinga:

  • Klargjere og rydde opp kyrkja i høve med gudstenester, og i somme høve ved kyrkjelege handlingar og andre kulturarrangement

  • Bruk av kyrkjeklokkene

  • Andre oppgåver som vert delegert frå kyrkjeverja

Dette ser vi etter

  • Kan arbeide sjølvstendig

  • Fleksibel og løysingsorientert

  • Gode samarbeidsevner

  • Evne til å møte folk i ulike livsfasar på ein god måte

  • Må kunne gjere seg forstått på skandinavisk

  • Evne til å prioritere det viktige

Vi vil leggje avgjerande vekt på at søkjar er eigna til stillinga. Løn etter kyrkjeleg tariff. Pensjonsordning i KLP. Søkjarlista er offentleg. Det er ein føresetnad at den som får stillinga er medlem i Den norske kyrkja.

Dersom du har spørsmål til stillinga, kontakt kyrkjeverja i Kinn, Dag Henrik Nygård. Kontor 481 00 481 -- mobil 466 455 75 -- privat 577 41 716. Send søknad til kyrkjakinn.kommune.no, eller lever på kyrkjekontoret i Florø, Markegata 28.

Søknadsfrist 13. september 2024.

Om arbeidsgiveren:

Kinn kyrkjelege fellesråd har ansvaret for kyrkjene og kyrkjegardane i Kinn kommune. Det er sju kyrkjer, seks sokn, 20 kyrkjegardar, to prosti og to kyrkjekontor.

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestland.

Ver 211 ofertas de trabajo en "Vestland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Empleador: KINN KYRKJELEG FELLESRÅD - FLORØ.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 13 de Septiembre de 2024, y con identificador de la vacante:6a620d77-6891-479e-9853-13c148e351f6.

Ver las 6 ofertas de trabajo de Trabajadores de los servicios y vendedores de comercios y mercados › Trabajadores de los servicios personales › Supervisores de mantenimiento y limpieza de edificios › Conserjes › conserje de edificio › sacristán/sacristana ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: