Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Oficinistas generales > Kontormedarbeidar Voss Ungdomsskule
en Español in English auf Deutsch en Français ...
Kontormedarbeidar Voss ungdomsskule. Hordaland. Noruega
Ofertas de empleo en Noruega (Hordaland) de Oficinistas generales
Clasificación del trabajo: Personal de apoyo administrativo : Oficinistas : Oficinistas generales : Oficinistas generales.
Clerical support workers : General and keyboard clerks : General office clerks : General office clerks
Descripción de la oferta de trabajo:
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.
Det er ledig 40-80 % stilling som kontormedarbeidar ved Voss ungdomsskule frå 01.08.2018.
Om arbeidsstaden
Voss ungdomsskule har i dag 514 elevar og 90 tilsette. Skulen har dyktige tilsette med høg sosial og fagleg kompetanse. Målet vårt er at alle elevane skal oppleve meistring og læring kvar dag. Skulen ligg sentralt på Voss, ved Prestegardsmoen og det fine Vangsvatnet. I tillegg til skulen sin eigen gymsal, har elevane nær tilgang til symjeanlegg, friidrettsstadion, kunstgrasmatter og idrettshall. Skulen vart bygd som barneskule i 1963 og teken i bruk som ungdomsskule i 1970. Mellom 2005 og 2012 har hovudbygga på skulen blitt rehabilitert. Pedagogiske satsingsområde er vurdering for læring (MOOC), antimobbeprogrammet Zero og IKT som kompensatorisk hjelpemiddel.
Arbeidsoppgåver
Omlag 40 % av stillinga vil ha følgjande arbeidsoppgåver:
- Mottak av ulike henvendelsar frå elevar, tilsette, føresette og andre
- Registering og utarbeiding av lister i skulen sitt administrasjonsprogram, inkl. karakterutskrifter og vitnemål
- Fakturahandsaming
- Reiserekningar
- Arkivarbeid og posthandsaming
- Ansvar for skuleskyss
- Utleige av skulen
- Diverse kontorarbeid
- Andre oppgåver kan også bli lagt til stillinga
Det er også aktuelt å leggja oppgåva med vikarhandtering til stillinga. Stillingsprosenten vil då bli auka til omlag 80 % stilling.
Arbeidstid: 08.00-15.30, avhengig av stillingsprosent og etter nærare avtale. I periodar med mange arbeidsoppgåver, til dømes i eksamenstida og ved skulestart/skuleslutt, må det påreknast lengre arbeidsdagar.
Me søkjer
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i kontorarbeidarfaget eller annan relevant utdanning knytt til administrasjon/økonomi
- Gode IT-kunnskapar
- Det er ønskjeleg med erfaring frå kontorarbeid, og gjerne kjennskap til administrative program som IST/Hypernet og Visma
Personlege eigenskapar
- Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
- Du er strukturert, fleksibel og løysingsorientert
- Du er nøyaktig og held det du lovar
- Du kommuniserer godt med elevar, kollegaer, foreldre og andre
- Du har god arbeidskapasitet
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr
-
Eit stort fagleg miljø med høve for utvikling
-
Eit samarbeidande fagmiljø og gode kollegaer
-
Rettleiing
-
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
-
Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og opp
Servicio de empleo de origen: NAV, Servicios Públicos de Empleo, Noruega.
País del trabajo: Noruega.
Región: Hordaland.
Ver 558 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).
Fecha de inicio: 26/04/2018.
Nº de vacantes: 1.
Alojamiento facilitado: No.
Traslado incluido: No.
Se requieren cualificaciones profesionales: No.
Salario: 0.0 NOK mínimo y 0.0 NOK máximo (Anualmente).
Cómo solicitar: Otros (véase la descripción).
Empresa: Voss kommune.
Dirección: 5701 VOSS.
Ver las 895 ofertas de trabajo de Personal de apoyo administrativo : Oficinistas : Oficinistas generales : Oficinistas generales ofertadas.
Ofertas de trabajo similares:
- Kontormedarbeidar Voss ungdomsskule. Noruega, 26 Abr. 2018.
- Kontormedarbeider / Lederstøtte i Alba Catering. Noruega, 26 Abr. 2018.
- Kontormedarbeider - Tjenestetorvet. Noruega, 25 Abr. 2018.
- Vil du jobbe ut mot kunder og er teknisk interessert?. Noruega, 24 Abr. 2018.
- Student med ønske om å bli Volvos nye backofficemedarbeider?. Noruega, 22 Abr. 2018.
- Liker du å skravle? Da har vi jobben for deg!. Noruega, 20 Abr. 2018.
- NYUTDANNET MARKEDSTALENT TIL BASEFARM. Noruega, 20 Abr. 2018.
- Utvalssekretærar til det offentlege utvalet om rusreforma (inntil 3 sekretærar). Noruega, 20 Abr. 2018.