Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Oficinistas generales > Konsulent 60% Fast Stilling

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Empleos de Oficinistas generales en Noruega (Møre og Romsdal)

Konsulent 60% Fast Stilling

Clasificación del trabajo: Personal de apoyo administrativo : Oficinistas : Oficinistas generales : Oficinistas generales.

Clerical support workers : General and keyboard clerks : General office clerks : General office clerks

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4258388666 Presentasjon av stillingen:

Vi har ledig 60% fast stilling som konsulent ved Heimetenestene Distrikt frå medio august.

Dette er ein merkantil stilling knyt til lønsarbeid, fakturabehandling, arkiv og innkjøp.

Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til intervju.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver i stillinga vert mellom anna:

  • Innleige av vakter i turnus, avviksbehandling, lønsarbeid knytt til Visma ressursstyring
  • Fakturabehandling/fakturering
  • Ansvar for arkiv helse-og omsorg
  • Ansvar for oppfølging service, skademelding og forsikring knytt til tenestebilar
  • Bestilling/innkjøp av medisinske forbruksvarer/kontormatriell
  • Forefallande merkantile oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i kontorfag eller høgskuleutdanning innan kontor og administrasjon
  • Relevant realkompetanse vil kunne vektleggast
  • Generelt god IT-kunnskap
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • Kan nytte norsk både skriftleg og munnleg, og særs nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Utadvendt og serviceinnstilt
  • Kan jobbe sjølvstendig, men også bidra til samarbeid på tvers i organisasjonen
  • Har høg evne til omstilling og endring

Vi tilbyr

  • Gode kollegar i eit utviklande og inkluderande arbeidsmiljø
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Løn etter avtale/tariff
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låneordningar
  • Gode forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Solfrid Hammernes Utgård, Einingsleiar, 97415978, solfrid.utgardsykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 Sykkylven

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Sykkylven kommune

Referansenr.:4258388666

Stillingsprosent: 60%

Fast

Startdato: 17.08.2020

Søknadsfrist: 10.07.2020

Om arbeidsgiveren:

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.

País del trabajo: Noruega.

Región: Møre og Romsdal.

Ver 315 ofertas de trabajo en "Møre og Romsdal" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de puesto: Contratación directa.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: SYKKYLVEN KOMMUNE HEIMEBASERTE TENESTER DISTRIKT.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:664fe535-0c70-45dc-ad50-90a30f87dd53.

Ver las 639 ofertas de trabajo de Personal de apoyo administrativo : Oficinistas : Oficinistas generales : Oficinistas generales ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: