Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > maestro de educación infantil/maestra de educación infantil > Inntil 4 Stillingar Som Barnehagelærar
en Español in English auf Deutsch en Français ...
Vacantes de maestro de educación infantil/maestra de educación infantil en Noruega (Møre og Romsdal)
Inntil 4 Stillingar Som Barnehagelærar
Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales de la enseñanza › Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares › Maestros preescolares › maestro de educación infantil/maestra de educación infantil.
Traducción de la profesión: Professionals › Teaching professionals › Primary school and early childhood teachers › Early childhood educators.
Descripción de la oferta de trabajo:
Barnebo barnehage har ledig inntil fire faste stillingar som barnehagelærar. Det kan vere aktuelt at barnehagelærar får funksjon som pedagogisk leiar, ved behov frå august 2025.
Kommunestyret i Aukra har vedtatt å auke grunnbemanninga med fire stillingar for Barnebo barnehage, for å sikre norma for grunnbemanning i større del av opningstida.
For å innfri nasjonal barnehagestrategi mot 2030 – Barnehagen for en ny tid, er målet at barnehagelærarar utgjer minst 60 % av grunnbemanninga. I Barnebo barnehage er andelen no 44 % barnehagelærarar.
Barnebo barnehage ligg på øya Gossen. Det tek omlag 30 minutt frå Molde sentrum til barnehagen, inkludert gratis ferje. Barnehagen har 8 avdelingar, lokalisert i to hus tett-i-tett.
Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Barnehagen har kokk i 100 % stilling og er matpakkefri. Kokken lagar god og næringsrik mat til alle måltid.
Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette.
I barnehagen let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.
Arbeidsoppgåver for barnehagelærar:
Barnehagelærar er medansvarleg for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det daglege pedagogiske innhaldet i høve enkeltbarn og gruppa.
Har fagleg ansvar for arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø, omsorg for det enkelte barnet, for utviklinga av det sosiale miljøet og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
I samarbeid med pedagogisk leiar og styrar vil ein barnehagelærar ha oppgåver som bidreg i arbeidet med å utvikle barnehagen som pedagogisk verksemd og barnehagen sitt samarbeid med andre tenester.
Skape eit inkluderande, kreativt og lærerikt leikemiljø for barn.
Godt samarbeid med foreldre / føresette.
Rettleiingsoppgåve for personalet på avdelinga for fagleg utvikling.
Krav til søkar
Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærarutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Språk
Må kunne norsk godt munnleg og skrifteleg.
Søkjarar som ikkje har norsk som førstespråk, sjå Lov om barnehagar § 27. Krav om norskferdigheter for å bli ansatt i barnehage
Vi tilbyr
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Kommunale vilkår for tilsetting.
Løn etter tariff.
Tillegg, dersom ein får funksjon som pedagogisk leiar er kr 39 000.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Høve til å søke støtte frå utdanningsfond.
Anna
Aukra kommune ligg innanfor sone 5 i ny ordning for sletting av studielån.
Oppstart
Etter nærare avtale og seinast 15. august
Særskilte krav
Det er krav om politiattest før tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" på kommunen sine heimesider.
Søknadsfrist: 28.2.2025
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Barnebo barnehage ligg på øya Gossen i Aukra kommune, 30 minutt med bil og ferje frå Molde. Barnehagen er ein tradisjonell avdelingsbarnehage med to hus som ligg «tett-i-tett».
Furutun har 4 avdelingar for barn under tre år og Aukratun har 5 avdelingar for barn over tre år.
Aukratun er nybygget vi flytta inn i hausten 2021. Det er bygd i massivtre, med oppvarming frå jordvarme og solceller, og gode fasilitetar for både barn og tilsette. Utearealet gir barna høve til variert leik og aktivitet. Vi har to grillhytter på leikeplassen der vi kan trekke inn, samlast, varme oss og lage mat.
Vi har storkjøkken med eigen kokk som lagar frukost kvar dag til alle og varm lunsj 2-3 gonger i veka til kvar avdeling. Vi har bær- og frukttre, plantekasser og drivhus og ønskjer å utvikle mat- og måltidsaktivitetar saman med kokken, slik at barna kan vere med å dyrke noko av maten vi et.
Nærområdet til barnehagen byr på varierte turmål; «Hekseberget» ved vasstårnet, «Museskogen» som ligg rett ved Furutun, turstiar og gapahuk i Aukraskogen, Hallingshaughola, småbåthavna i Ragnalund, Gartnerfjøra og leikeplassane i Berglia og ved Aukrahallen.
Sentrum er i gangavstand. Her besøkjer vi m.a. biblioteket, omsorgssenteret, skulen, og ikkje minst etter kvart det nye kulturhuset.
País del trabajo: Noruega.
Región: Møre og Romsdal.
Ver 24 ofertas de trabajo en "Møre og Romsdal" (Noruega).
Número de puestos: 4.
Instrucciones para solicitar:
Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 18 de Enero de 2025, y con identificador de la vacante:d01dc90e-dd9b-4e09-9fbd-ef3149b61e32.
Ofertas de trabajo similares:
- Pedagogisk leder - vil du være med i vårt lederteam i en fantastisk naturbarnehage på Hvam?. Noruega, 17 Ene. 2025.
- Blåveisen barnehage Hamar søker barnehagelærer, vikariat. Noruega, 14 Ene. 2025.
- Barnehagelærar med muligheit til fast stilling.. Noruega, 06 Ene. 2025.