Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Maestros de enseñanza primaria > Inntil 120% Faste Lærarstillingar Frå 01.01.2025 - Tokke Skule

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Inntil 120% faste lærarstillingar frå 01.01.2025 - Tokke skule

Oferta de Maestros de enseñanza primaria en Noruega (Vestfold og Telemark)

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales de la enseñanza › Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares › Maestros de enseñanza primaria.

Traducción de la profesión: Professionals › Teaching professionals › Primary school and early childhood teachers › Primary school teachers.

Descripción de la oferta de trabajo:

LÆRARSTILLINGAR

Tokke kommune har ledige 2 lærarstillingar fordela på inntil 120% fast på Tokke skule, frå 01.01.25.

Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.

Skulane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande skule for alle, og ha eit godt skulemiljø med mange aktivitetar for elevane.

Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.

Tokke kommune har to skular. Tokke skule som ligg i Dalen, og Høydalsmo skule som ligg i Høydalsmo. Kommunen tilbyr gratis SFO for alle elevar i småskulen.

Tokke skule:

1-10 skule med 166 elevar og om lag 24 årsverk for pedagogisk personale.

På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings -- og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.

Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7. klasse.

Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:

Norsk og matematikk i 8. -- 10. klasse.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med konst. rektor, Mona Seltveit på e-post: mona.seltveittokke.kommune.no mob. 916 99 148

Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Adjunkt - lektorutdanning med kompetanse for å undervise på ungdomstrinn.

  • Tilfredstillande Ikt -- ferdigheitar

  • Fokus på tydeleg klasseleiing og evne til skape gode relasjonar til både elevar og kollegaer.

  • Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.

  • Positiv, fleksibel og inkluderande.

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Me kan tilby:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat

  • Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar

  • Eit godt arbeidsmiljø

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste.

Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 7. desember 2024

Velkomen som søkjar!

Om arbeidsgiveren:

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.

Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.

E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.

Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestfold og Telemark.

Ver 50 ofertas de trabajo en "Vestfold og Telemark" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Empleador: TOKKE SKULE.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 07 de Diciembre de 2024, y con identificador de la vacante:96ced460-489a-45fb-a9f0-1089290a0639.

Ver las 93 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales de la enseñanza › Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares › Maestros de enseñanza primaria ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: