Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > administrativo contable/administrativa contable > Har Du Lyst Til å Ha Ansvar For Lønsarbeidet I Vinje Kommune?

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Har du lyst til å ha ansvar for lønsarbeidet i Vinje kommune?

Trabajo de administrativo contable/administrativa contable en Vestfold og Telemark (Noruega)

Clasificación del trabajo: Técnicos y profesionales de nivel medio › Profesionales de nivel medio en operaciones financieras y administrativas › Profesionales de nivel medio en finanzas y matemáticas › Tenedores de libros › administrativo contable/administrativa contable.

Traducción de la profesión: Technicians and associate professionals › Business and administration associate professionals › Financial and mathematical associate professionals › Accounting associate professionals.

Descripción de la oferta de trabajo:

Du vil få ei nøkkelrolle på Vest-Telemarks største arbeidsplass, og vil ta del i utvikling av kommunens økonomiavdeling.

Dette gjeld særleg digitalisering av kommunens løns- og økonomitenester, nye arbeidsprosessar og effektiv ressursutnytting. Kort sagt - ei spanande stilling som skal vera med på å ta Vinje kommune inn i framtida.

Det er stor grad av sjølvstendig arbeid og mange spanande utfordringar -- ingen dag er lik og det er store variasjonar. Tenesteområdet er også ei støtteeining for heile kommuneorganisasjonen, og som lønsansvarlig vil du ha ein viktig funksjon her.

Oppgåver knytt til stillinga blir mellom anna:

  • Fagansvar knytt til kommunens lønsarbeid
  • Koordinering av lønsrelaterte oppgåver og rapportering
  • Arbeid med sjukelønnsrefusjonar -- avstemming og innsending av skjema til NAV
  • Systemansvar for lønssystemet og kvalitetssikring av overføring frå fagsystem
  • Vera ein pådrivar når det gjeld utvikling av fagområdet
  • Digitalisering og automatisering av rutinar, prosessar og system
  • Ansvarleg for opplæring internt på avdelinga og ute i einingane ved behov
  • Kontakt og oppfylging mot kommunerevisjonen
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskaper:

  • Det er naudsynt med gode datakunnskaper
  • Kjennskap og erfaring frå økonomisystemet Agresso og GAT er ein fordel
  • God økonomiforståing og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å ta ansvar og takle mange arbeidsoppgåver
  • Kandidaten har utdanning på minimum bachelornivå innan rekneskap, revisjon eller økonomi, fortrinnsvis med 3-5 års relevant praksis
  • Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt
  • God evne til samarbeid
  • Evne til å motivere og inspirere medarbeidarar til fagleg godt arbeid

Personlege eigenskaper:

  • Du har evne til å organisere og arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig med arbeidsoppgåver
  • Du har gode kommunikasjons- og relasjonseigenskaper
  • Du er nøyaktig og opptatt av detaljar
  • Du er strukturert, analytisk og har stor arbeidskapasitet
  • Du er proaktiv og løysningsorientert
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du har evne til å motivere andre og jobbe i team
  • Du er utadvent og på leit etter nye og betre løysingar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskaper.

Me kan tilby løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar, full barnehagedekking og hjelp til å skaffe bustad.

Me ynskjer deg velkomen som søkjar til ei spanande stilling i eit godt miljø. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Om arbeidsgiveren:

Vinje kommune er ein framoverlent, ressurssterk og velutvikla kommune som har eit godt tenestetilbod til innbyggarane. Vi kan tilby ein interessant jobb med spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

Me ynskjer at medarbeidarane våre skal føle seg energiske, inspirerte og tilfredse.

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestfold og Telemark.

Ver 489 ofertas de trabajo en "Vestfold og Telemark" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Empleador: VINJE KOMMUNE ØKONOMI, PLAN OG UTVIKLING.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 27 de Mayo de 2022, y con identificador de la vacante:a6c178e1-a4c6-4b54-87f6-f95ea2b88ac3.

Ver las 386 ofertas de trabajo de Técnicos y profesionales de nivel medio › Profesionales de nivel medio en operaciones financieras y administrativas › Profesionales de nivel medio en finanzas y matemáticas › Tenedores de libros › administrativo contable/administrativa contable ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: