Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > director de empresa/directora de empresa > Dagleg Leiar I Kyrkjene I Sande I 100% Fast Stilling

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Dagleg leiar i Kyrkjene i Sande i 100% fast stilling

Trabajar de director de empresa/directora de empresa en Noruega (Møre og Romsdal)

Clasificación del trabajo: Directores y gerentes › Directores ejecutivos, personal directivo de la administración pública y miembros del poder ejecutivo y de los cuerpos legislativos › Directores generales y gerentes generales › Directores generales y gerentes generales › director de empresa/directora de empresa.

Traducción de la profesión: Managers › Chief executives, senior officials and legislators › Managing directors and chief executives › Managing directors and chief executives.

Descripción de la oferta de trabajo:

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd etter Kirkeordning for den Norske kirke § 17 og andre gjeldande lover og forskrifter
  • Dagleg leiar for kyrkjekontoret, herunder administrative oppgåver
  • Personal- og HMS-ansvar for fellesrådet sin tilsette
  • Budsjett- og økonomiansvar
  • Sakshandsamar for fellesrådet og ansvarleg for gjennomføring av vedtak
  • Utarbeide og gjennomføre planar og prosjekt
  • Ansvar for drift, forvalting og utvikling av gravplassar og kyrkjer
  • Oppretthalde kyrkja si gode kontakt med kommunen, frivillige, og andre samarbeidspartnarar i og utanfor lokalsamfunnet

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan leiing, økonomi eller offentleg forvalting
  • Relevant erfaring kan erstatte deler av utdanningskravet.
  • Kjennskap til kyrkjeleg forvalting og organisering
  • IKT kunnskap

Personlege kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein leiar som er god til å kommunisere, inspirere og som har gode samarbeidsevne
  • Er løysingsorientert, engasjert og skaper gode relasjonar
  • Har evne og vilje til å leie endringsprosessar
  • Evne til både å ta og gjennomføre avgjerder
  • Gode evner til norsk munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • Ønsker å arbeide for kyrkja sine mål og visjonar, lokalt, nasjonalt og globalt

Vi tilbyr

Ein triveleg arbeidsplass

Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver

Løn etter avtale og medlemskap i KLP

Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.

Noko arbeid kan skje på kveld (møteverksemd).

Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.

Ta gjerne kontakt med leiar i Sande kyrkjelege fellesråd, Elisabeth Strand Slettestøl

på tlf. nr. 916 44 129 eller med kyrkjeverje/dagleg leiar Johanne Krogstadmo på

tlf. nr. 952 42 210.

Oppstart 01.08.2022 eller etter avtale.

Søknad med CV og attestar sendast til e-post: dnksandesande-mr.kommune.no.

Søknadsfrist: 27. mai 2022

Om arbeidsgiveren:

Sande kommune er ei kystkommune med om lag 2.450 innbyggar busett på øyer forbunde med ferger og bruer. Kommunen består av et variert landskap med både øyer og fjell og gjev gode muligheter for et variert friluftsliv. Her er eit levande lokalmiljø i alle bygdene, næringslivet er allsidig og det er eit godt servicetilbod til innbyggarane.

Sande og Gursken sokn har no ei ledig stilling som kyrkjeverje i 100% stilling. Tiltredelse etter avtale.

Sande kommune har tre kyrkjer og eit kapell som er faste gudstenestestadar i kyrkjelydane. Kyrkjeverja er og ansvarleg for forvalting og utvikling av fire gravplassar. Kyrkjestaben består av kantor, trusopplærar, to kyrkjetenarar, sokneprest -- og kanskje deg som kyrkjeverje? Staben er lokalisert i arbeidskyrkja Larsnes kyrkje - som inneheld kyrkjerom, kyrkjelydsdel, kontor og lager og som har flott beliggenheit med utsikt mot øyane utanfor.

País del trabajo: Noruega.

Región: Møre og Romsdal.

Ver 418 ofertas de trabajo en "Møre og Romsdal" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Empleador: SANDE KYRKJELEGE FELLESRÅD.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 27 de Mayo de 2022, y con identificador de la vacante:d413a66b-0a9b-4e03-8f88-47ec983413ba.

Ver las 86 ofertas de trabajo de Directores y gerentes › Directores ejecutivos, personal directivo de la administración pública y miembros del poder ejecutivo y de los cuerpos legislativos › Directores generales y gerentes generales › Directores generales y gerentes generales › director de empresa/directora de empresa ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: