Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > terapeuta ocupacional > Id 1847 Ergoterapeut - Eining For Aktivitet Og Re-/habilitering

en Español in English auf Deutsch en Français ...

ID 1847 Ergoterapeut - Eining for aktivitet og re-/habilitering

Oferta de trabajo de terapeuta ocupacional en Noruega

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales de la salud › Otros profesionales de la salud › Profesionales de la salud no clasificados bajo otros epígrafes › terapeuta ocupacional.

Traducción de la profesión: Professionals › Health professionals › Other health professionals › Health professionals not elsewhere classified.

Descripción de la oferta de trabajo:

Eining for aktivitet og re/habilitering -- ein aktiv og spennande arbeidsplass der me samarbeider tett med andre ergoterapeutar, andre fag og yrkesgrupper. Me samhandlar og tett med eksterne samarbeidspartar.

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik. Me kan tilby varierte oppgåver i eit aktivt, godt og tverrfaglig miljø.

Eining for aktivitet og re/habilitering har ledig 35% fast stilling som ergoterapeut. Det kan bli mogeleg for auka stilling i vikariat.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • I stillinga er arbeidsområde retta mot born og vaksne i Stord kommune med behov for tilrettelegging av bustad/omgjevnader, ADL- og funksjonstrening, hjelpemiddelformidling mm.
  • Tenester vert gitt individuelt, men også i grupper. Ergoterapeut er koordinator i enkeltsaker.
  • Stillinga er også knytta opp mot dagrehabilitering.

Me ser etter deg som:

  • Har god arbeidskapasitet og arbeidsglede.
  • Er løysingsorientert, likar utfordringar og kan jobbe fleksibelt.
  • Jobbar godt sjølvstendig og i team.
  • Kontinuitet i tenestene og erfaring frå arbeid i kommune vil verta vektlagt.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt, som evne til samarbeid, rettleiingskompetanse, god kommunikasjon med brukarane, pårørande og kollega.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert ergoterapeut, relevant vidareutdaning vert også vektlagt.
  • Erfaring frå kommunale ergoterapitenester, hjelpemiddelformidling og Rehabilitering
  • Interesse og motivasjon for å arbeide med rehabilitering
  • Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B er naudsynt

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

For nærare opplysningar ta kontakt med Einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Om arbeidsgiveren:

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: STORD KOMMUNE HEIMEBASERTE TENESTER OMRÅDE SENTRUM.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 22 de Mayo de 2022, y con identificador de la vacante:e81a5efa-8c3c-4204-a324-036e6e1e82fe.

Ver las 53 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales de la salud › Otros profesionales de la salud › Profesionales de la salud no clasificados bajo otros epígrafes › terapeuta ocupacional ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: