Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > maestro de educación primaria/maestra de educación primaria > 100% Vikariat - åmot Skule, Vinje

en Español in English auf Deutsch en Français ...

100% vikariat - Åmot skule, Vinje. Vestfold og Telemark

Oferta de trabajo de maestro de educación primaria/maestra de educación primaria en Vestfold og Telemark (Noruega)

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales de la enseñanza › Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares › Maestros de enseñanza primaria › maestro de educación primaria/maestra de educación primaria.

Traducción de la profesión: Professionals › Teaching professionals › Primary school and early childhood teachers › Primary school teachers.

Descripción de la oferta de trabajo:

Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1.-10. skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne, av desse er om lag 60 tilknytt SFO. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine.

Ledige undervisningsstilling - 100% vikariat skuleåret 2024-2025

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring. Alle fag og trinn i barneskulen/ ungdomsskulen er aktuelle, men det er særleg trong for fylgjande kompetanse: Engelsk, matematikk, naturfag, kunst og handverk, musikk og kroppsøving. Me ynskjer også å knytte til oss lærarar med kompetanse i pedagogisk bruk av gaming

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring. Tilsetting frå 01.08.24-31.07.25.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med LK20
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane med god klasseleiing
  • Delta i og bidra til lærande fellesskap ved skulane
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne
  • Kontaktlærarfunksjon og andre funksjonar i skulen kan bli lagt til jobben

Kvalifikasjonar

  • Formell undervisningsfompetanse i aktuelle fag.
  • Godkjend lærarutdanning 1.-7. trinn og 5.-10. trinn ift. opplæringslova
  • God fag-/metode-/relasjonskompetanse
  • Gode digitale ferdigheitar og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
  • Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
  • Du har fokus på elevane sine moglegheitar for læring
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du tek ansvar og er profesjonell
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er engasjert i leik og samhandling med barn

Me tilbyr

  • Flotte og engasjerte elevar frå alle verdshjørne
  • Eit engasjert elevråd
  • Kantine med gratis skulemat for elevar og hyggeleg pris for tilsette
  • Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Kontaktlærar har eit tillegg på kr. 42.000 pr. år for 1.-4. trinn /

    kr. 36.000 pr. år for 5.-10. trinn

  • Nyutdanna lærarar får rettleiing
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Generell informasjon

  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden
  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet.

Skulle det bli ledig fleire lærar-/fagarbeidar-/assistentstillingar i kommunen (vikariat, mellombels eller faste) fram mot 01.08.24 vil ein vurdere å tilsetje etter same søkjarliste.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema.

++Lenke til søknadsskjema finn du her++

Velkomen som søkjar!

Om arbeidsgiveren:

Vinje kommune er den største kommunen i Vestfold og Telemark, med om lag 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg ved foten av Hardangervidda nasjonalpark. Vinje har spelt ei viktig rolle i høve industrihistoria og er difor på UNESCO si verdsarvliste. Vinjeskulen er opptekne av samskaping og samarbeid på tvers av einingar.

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestfold og Telemark.

Ver 114 ofertas de trabajo en "Vestfold og Telemark" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Empleador: ÅMOT SKULE AVD SKULE.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 30 de Mayo de 2024, y con identificador de la vacante:1dd57e34-bed1-46be-80fe-6116ac58b3c6.

Ver las 212 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales de la enseñanza › Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares › Maestros de enseñanza primaria › maestro de educación primaria/maestra de educación primaria ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: