Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > auxiliar de enfermería > 100% Vikariat For Helsefagarbeider
en Español in English auf Deutsch en Français ...
Búsqueda en Noruega (Vestfold og Telemark) de auxiliar de enfermería
100% Vikariat For Helsefagarbeider
Clasificación del trabajo: Trabajadores de los servicios y vendedores de comercios y mercados › Trabajadores de los cuidados personales › Trabajadores de los cuidados personales en servicios de salud › Trabajadores de los cuidados personales en instituciones › técnico de atención sociosanitaria/técnica de atención sociosanitaria › auxiliar de enfermería.
Traducción de la profesión: Service and sales workers › Personal care workers › Personal care workers in health services › Health care assistants.
Descripción de la oferta de trabajo:
Omtale av arbeidsstaden
Me ledig vikariat på 100%, vikariat er ledig frå d.d til aug. 2024. Kan bli moglegheit for forlengelse.
Stillinga er 2-delt turnus med arbeid kvar 4.helg med langvakter på 12 timer ved somatisk avdeling på Bø sjukeheim, avdeling Jønneberg/Vihus.
Her hos oss har me fire langtidsavdelingar med sju bebuerar på kvar avdeling. I tillegg har me ein korttidsavdeling med sju plassar. Me er mellom 60-70 faste tilsette, dei fleste jobbar i høg stillingsprosent og langvakter kvar 4.helg.
Me har og eigen tilsynslege i 100% stilling på institusjonane i kommune, Bø sjukeheim og Sauherad Bygdeheim.
Legen har faste visittdagar på alle avdelingane, to fulle dager i uka hos oss.
Vikariatet er på ein av våre langstidsavdelinger. Her bur dei som ikkje lenger klarer å bo heime i eigen bolig. Dei har sammensatte og komplekse behov, og me søker deg som er omsorgsfull, strukturert og ansvarsfull, og har lyst til å bidra med alle dine eigenskapar til det beste for våre pasientar og kollegaer.
Me har akkurat laga ny grunnturnus. Her er det lagt inn faste fagdagar for alle tilsette slik at ein får avsatt tid til fagleg påfyll.
Me har to fagleierar som jobbar fulltid blant annet med fagutvikling i avdeling, og som ein av våre faste tilsette vil du bli sertifisert i utvalgte prosedyrar og HHLR Hjarte-lunge-redning. Fagleierane er også stedfortredar når avdelingsleiar ikkje er tilstade.
Hos oss er involvering av dei tilsette høgt prioritert og det er jevnlege møter mellom avdelingsleiar, tillitsvalgte og verneombud. Me har også personalmøter ca ein gang i måneden, og gruppemøte på hver avdeling ein gong i månaden. Me har stor tru på å involvere dei tilsette i prosessar, og meiner at dei beste løysingane finner me tilsamans.
Arbeidsoppgåver
Heilhetleg pleie til pasientar med sammensatte behov.
Journalføring og dokumentasjon
Medansvar for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Helsefagleg utdanning, men andre med relevant erfaring kan òg bli vurdert.
Kunnskap/beherske data som verktøy. Vi brukar Visma Profil som EPJ
Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Personlege egenskapar
Opptatt av kvalitet i arbeidet
Sjølvstendig og ansvarsfull
Gode kommunikasjon- og samarbeidsevnar
Strukturert, løysningsorientert og positiv
Personleg egnethet vil tilleggas stor vekt
Evne til å ivareta og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Fagdag som er fastsatt i grunnturnus hver 3.måned
Jevlege møtepunkt; personalmøter og gruppemøter avdelingsvis
Ressursgrupper innenfor ulike fagfelt
Internundervisning
Eit ledarteam bestående av ein avdelingsleiar og to fagleierar
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
Særskilt for stillinga
Krav om politiattest, jf Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4, skal framvisast før oppstart i stilling.
E-læringskurset for nytilsette skal takast før oppstart i stilling.
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Om arbeidsgiveren:
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
País del trabajo: Noruega.
Región: Vestfold og Telemark.
Ver 479 ofertas de trabajo en "Vestfold og Telemark" (Noruega).
Número de puestos: 1.
Empleador: BØ SJUKEHEIM.
Instrucciones para solicitar:
Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 02 de Febrero de 2023, y con identificador de la vacante:274d0e3a-f414-459c-80db-7a099eb627ed.
Ofertas de trabajo similares:
- Helsefagarbeider 75 % vikariat - Solliheimen sykehjem. Noruega, 28 Mar. 2023.
- Vikarer til virksomhet Livsmestring 5. Noruega, 28 Mar. 2023.
- Assistent på Vik bygde-og sjukeheim. Noruega, 28 Mar. 2023.
- Helsefagarbeidarar på Vik bygde- og sjukeheim. Noruega, 28 Mar. 2023.
- Ecura starter nytt tilbud for avlastning og barnebolig i Romerike. Noruega, 28 Mar. 2023.
- Legevaktsykepleier 50-63% fast nattstilling. Noruega, 27 Mar. 2023.
- Legevaktsykepleiere/sykepleierstudenter 20-25% vikariat helg. Noruega, 27 Mar. 2023.
- Helsefagarbeider - 80 % - vikariat - Hjemmesykepleie vest. Noruega, 27 Mar. 2023.