Ir a la versión más ligera, para móviles
en Español in English auf Deutsch en Français ...

Oferta en Noruega (Hordaland) de Médicos especialistas

Lege I Spesialisering I Ortopedisk Kirurgi - Ortopedisk Avdeling



Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos especialistas.
Professionals : Health professionals : Medical doctors : Specialist medical practitioners.

Descripción de la oferta de trabajo:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Org. nr: - Stillingsident: 3482536246 Presentasjon av stillinga:Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus har ledig 1 fast stilling for lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi.Avdelinga har spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i ortopedisk kirurgi. Stillinga inngår i vaktordning. Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a. Ortopedisk avdeling (HUS) har 3 sengepostar med totalt 60 pasientar, poliklinikk og ei dagkirurgisk eining. Legane ved avdelinga er knytta til seksjonar for barneortopedi, traumatologi, protese- og revmakirurgi, rygg- og onkologisk kirurgi, ortopediske infeksjonar, samt til Nasjonalt kompetansesenter for leddprotesar og hoftebrot, Senter for bein- og bløtdellssvulster og Seksjon for funksjonsforbetrande kirurgi, seksjon for Ortopedisk rehabilitering der dei fleste pasientane er beinamputerte, samt eige dysmeliteam.Arbeidsoppgåver
  • Lege inngår i ordinær vaktordning, for tida 14-delt vakt.
  • Postarbeid og arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av ulike ortopediske lidingar.
  • Den som blir tilsett i vikariat, vil få ein personleg rettleiar og delta i avdelingas regulære utdanningsprogram, som omfattar rotasjon til alle fagområde relevant for spesialiseringa.
  • Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervisning og kurs og anna etterutdanning.
  • Ortopedisk klinikk er knytt til Det medisinske fakultet, institutt for kirurgiske fag ved UiB, og har ansvar for undervisning av medisinarstudentar. Legar deltar i undervisning av studentar.
Kvalifikasjonar
  • Den som blir tilsett, vil få ein personleg rettleiar og delta i avdelingas regulære utdanningsprogram, som omfattar rotasjon til alle fagområde relevant for spesialiseringa.
  • Det blir lagt vekt på erfaring frå tidligare arbeid innan ortopedisk kirurgi.
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Relevant erfaring frå forsking (der det er aktuelt)
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (Det vert kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
Utdanningsretning
  • Medisin
Utdanningsnivå
  • Profesjonsstudium
Personlege Eigenskapar