Ir a la versión más ligera, para móviles
en Español in English auf Deutsch en Français ...

Ofertas de empleo en Hordaland (Noruega)

Fast 65,5% Stilling For Sjukepleiar Pt. På Natt - Seksjon For Alderspsykiatri



Clasificación del trabajo: ..

Descripción de la oferta de trabajo:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Seksjon for alderspsykiatri er ein del av Psykiatrisk Klinikk og vil dei næraste åra ha sin plassering i det nye Barne- og ungdomssjukehuset/BUS. Seksjonen behandlar pasientar med psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar. Seksjonen består i dag av ei døgneining med 9 plassar og ein poliklinikk med ambulante tenester. Seksjonen planlegg å auke til 12 plassar i januar 2018.Helse Bergen ønskjer som hovudregel å tilby fulle stillingar. Dersom du ønskjer full stilling, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Stillinga i Bemanningssenteret blir tilpassa arbeidsplanen ved avdelinga og ein vil kunne få dagvakter om ønskjeleg.Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiefaglege og praktiske oppgåver knytta til pasientoppfølging og drift i seksjonen
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må beherske norsk både munnleg og skriftleg. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Engasjement og interesse for å jobbe med eldre menneske
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon
Utdanningsnivå
  • Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort
  • Du søker aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetansegrense
  • Du kommuniserer og samarbeider godt
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
Språk
  • Norsk
Vi tilbyr
  • Eit godt og inkludarende kollegie
  • Moglegheit for oppbygging av spesialisert fagkompetanse
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
KontaktinformasjonCarina Orvedal Lønne, Konstituert seksjonsleiar, 55 97 45 35/91 30 28 94Arbeidsstad Bergen Nøkkelinformasjon: Annonsør:Helse BergenRef. nr.:3285969517Stillingsbrøk: 65,5%FastStartdato: 01.09.2017Tal på stillingar: 1Søknadsfrist: 22.06.2017https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3285969517∁any_id=530200304&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:Servicio de empleo de origen: NAV, Servicios Públicos de Empleo, Noruega.

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 414 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Fecha de inicio: 10/06/2017.

Nº de vacantes: 1.

Alojamiento facilitado: No.

Traslado incluido: No.

Se requieren cualificaciones profesionales: No.

Salario: 0.0 NOK mínimo y 0.0 NOK máximo (Anualmente).

Cómo solicitar: Otros (véase la descripción).

Empresa: Helse Bergen.

Dirección: 5021 BERGEN.





Ver las 1,404 ofertas de trabajo de ofertadas.

Ofertas de trabajo similares:

Forløpskoordinator til henvisningsmottaket i Avdeling for gynekologisk kreft, Kreftklinikken - Oslo universitetssykehus HF. Noruega, 13 Ago. 2017.

Off. godkjent sykepleier, 50 % vikariat. Noruega, 13 Ago. 2017.

Helgestillingar - Avlastninga. Noruega, 13 Ago. 2017.

Teamleder - Grenda bolig. Noruega, 12 Ago. 2017.

Ledig stilling som sykepleier på kirurgisk sengepost - Bærum sykehus. Noruega, 12 Ago. 2017.

Avdelingsleder x 2 (ref 3323). Noruega, 12 Ago. 2017.

Avdelingsleder til boveiledertjenesten (ref 3322). Noruega, 12 Ago. 2017.

Sykepleiere- Haugåstunet sykehjem - Stavanger kommune. Noruega, 11 Ago. 2017.