Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Técnicos en ciencias físicas y en ingeniería > Vil Du Vere Med å Styrkje Beredskapen I Vest-finnmark?

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Vil du vere med å styrkje beredskapen i Vest-Finnmark?

Trabajo en Noruega (Finnmark) de Técnicos en ciencias físicas y en ingeniería

Clasificación del trabajo: Técnicos y profesionales de nivel medio : Profesionales de las ciencias y la ingeniería de nivel medio : Técnicos en ciencias físicas y en ingeniería : Técnicos en ciencias físicas y en ingeniería no clasificados bajo otros epígrafes.

Technicians and associate professionals : Science and engineering associate professionals : Physical and engineering science technicians : Physical and engineering science technicians not elsewhere classified

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4117020593 Presentasjon av stillingen:

Vi har ledig 100 % stilling som beredskapsmedarbeidar med hovudoppgåve fagansvar for logistikk.

Arbeidsoppgåver

  • fagansvarleg for tilsyn, forvalting og vedlikehald av sivilforsvarsmateriell og køyretøy ved distriktslager, og operative lager
  • oppfølging av eigne og kommunale materialforvaltarar
  • tilsyn, kontroll og vedlikehald av varslingsanlegga i distriktet
  • tilsyn og kontroll av offentlege og private tilfluktsrom
  • bidra i opplærings- og øvingsaktivitet
  • inngå i heimeberedskapsvakt i distriktet

Kvalifikasjonar

Det er krav om:

  • fagbrev, gjerne innanfor logistikk. Særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • minimum 5 års relevant arbeidserfaring
  • gode IKT-kunnskapar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • førarkort, minimum kl BE
  • Stillinga krev at den som blir tilsett må vere tryggingsklarert før han eller ho byrjar.

Det er ønskjeleg med:

  • erfaring frå beredskapsarbeid
  • praktisk erfaring frå drift og vedlikehald
  • erfaring frå rettleiing og opplæring
  • grunnleggjande engelskkunnskapar
  • kjennskap til elektroniske saksbehandlingssystem
  • truckførarbevis

Personlege eigenskapar

  • omgjengeleg og positiv, og bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • sjølvstendig, samtidig som du har gode samarbeidseigenskapar
  • god ordenssans, strukturert og løysingsorientert
  • lærevillig, og ha evne til å kunne "lære frå seg"

Vi tilbyr

  • spanande og varierte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde i ein etat i utvikling
  • høve til å påverke og vidareutvikle
  • løn som sivilforsvarsadjutant (0331) - årsløn frå kr. 464 000,- til kr. 504 700,- (ltr. 52-57) etter kvalifikasjonar. Av løna trekkast 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid

Generelle opplysningar

  • DSB legg vekt på mangfald, og oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. DSB jobbar for å realisere inkluderingsdugnaden til regjeringa med mål om at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV. Som IA-verksemd legg vi vekt på å leggje arbeidstilhøva til rette for personar med redusert funksjonsevne.
  • Sivilforsvaret er ein uniformert etat.
  • Det må reknast med ein del reiseverksemd i periodar i samband med logistikkarbeid, øvingar, opplæring og innsats.

Om distriktet og stillinga

Hovudoppgåva for stillinga vil vere knytt til planlegging, gjennomføring og evaluering av logistikkarbeid ved distriktet.

Vi ser etter deg som har interesse for samfunnstryggleik og beredskap. Du må ha praktiske evner, gjerne med erfaring frå drift- og vedlikehaldsarbeid og vilje til å gå laus på varierte oppgåver. Samtidig ser vi etter deg som er ansvarsfull og sjølvstendig, glad i å jobbe med menneske og skape resultat.

Sivilforsvaret si verksemd inneber utstrekt samvirke og samarbeid med naudetatane (politi, brannvesen, helsevesen), men også med Forsvaret, kommunane i fylket, fylkesmannen, frivillige organisasjonar og andre verksemder. For å kunne bidra i oppgåvene til Sivilforsvaret er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon, under dette kunne delta på øvingar og innsatsar.

Vest-Finnmark sivilforsvarsdistrikt omfattar 9 kommunar. Sivilforsvaret sine oppgåver er knytte til forsterking av naud- og beredskapsressursane ved handtering av store og spesielle hendingar. Vidare har Sivilforsvaret store oppgåver knytte til vern av sivilbefolkninga ved beredskap og krig. Distriktskontoret ligg i Hammerfest og består av 5 årsverk. Ei sentral oppgåve er å sjå til at lager og utstyr distriktet har, er operative og godt varetekne, slik at dette gjennom årlege øvingar og materielltilsyn er funksjonelt og i materiellmessig stand til å forsterke naud- og beredskapsetatane i fylket ved behov.

Ønskjer du fleire opplysningar om sivilforsvarsdistriktet, søk opp "Vest-Finnmark sivilforsvarsdistrikt" på Facebook.

Kontaktinformasjon

Frode Enoksen, distrikssjef, 95 12 21 06, frode.enoksendsb.no

Arbeidssted

Sjøgata 8

9600 Hammerfest

Søk på stillingen:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)

Referansenr.:4117020593

Stillingsprosent: 100%

Søknadsfrist: 01.09.2019

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Finnmark.

Ver 135 ofertas de trabajo en "Finnmark" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: VEST-FINNMARK SIVILFORSVARSDISTRIKT.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:20041908000037.

Ver las 308 ofertas de trabajo de Técnicos y profesionales de nivel medio : Profesionales de las ciencias y la ingeniería de nivel medio : Técnicos en ciencias físicas y en ingeniería : Técnicos en ciencias físicas y en ingeniería no clasificados bajo otros epígrafes ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: