Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Urbanistas e ingenieros de tránsito > Vikariat Plankoordinator

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Vikariat plankoordinator. Rogaland. Noruega

Ofertas de Urbanistas e ingenieros de tránsito en Noruega (Rogaland)

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de las ciencias y de la ingeniería : Arquitectos, urbanistas, agrimensores y diseñadores : Urbanistas e ingenieros de tránsito.

Professionals : Science and engineering professionals : Architects, planners, surveyors and designers : Town and traffic planners

Descripción de la oferta de trabajo:

Jobbnorge ID: 187152

Om stillinga

Fylkesmannen i Rogaland skal gjennom dialog og skriftlege uttalar, formidle nasjonale forventningar til kommunale og fylkeskommunale planar innan våre ansvarsområde. Stillinga er knytt til miljøvernavdelinga som samordnar planarbeidet vårt internt. Stillinga inngår i embetet si plangruppe der alle avdelingane våre samarbeider tett om uttalar til og deltaking i kommunane sitt arbeid med kommuneplanar,

reguleringsplanar og anna planarbeid etter plan- og bygningslova.

Miljøvernavdelinga har i samband med foreldrepermisjon ledig eit vikariat som plankoordinator med tiltreding snarast råd.

Vikariatet varer til 1. juli 2021.

Arbeidsoppgåver

  • gje godt samordna uttalar til planar etter plan- og bygningslova på vegne av embetet
  • fagleg og praktisk leiing av embetet si plangruppe
  • rapportere til embetsleiinga om planarbeidet i fylket
  • formidling av samla sektoransvar og særleg ansvar for miljøvern i planuttalar
  • særleg vekt på formidling av nasjonal arealpolitikk, dialog med og råd til kommunar, regionale myndigheiter og andre relevante planaktørar
  • møte/meklingar/informasjon/seminar/foredrag

Kvalifikasjonskrav

Du har relevant utdanning på mastergradsnivå. Aktuell utdanning er til dømes innan arealplanlegging, by- og regionalplanlegging, jus, arkitektur og geografi. Manglande utdanning kan kompenserast med høg realkompetanse. Det er ein fordel om du har relevant erfaring innan arealplanlegging og sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Andre med god kompetanse og innsikt i fagområdet kan og vere aktuelle.

GIS/kartkompetanse er ein fordel.

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som

  • har fagleg breidde og tverrfaglig kunnskap om samfunn og arealbruk
  • er fleksibel, systematisk og initiativrik
  • arbeider godt så vel åleine som i lag med andre
  • er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer

Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar/seniorrådgiver kr 600 000 - kr 720 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • viktige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
  • gode høve til fagleg utvikling og til å vidareutvikle fagleg nettverk
  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar i staten skal være personar med nedsett funksjonsevne

eller hull i CV-en.

Spørsmål om stillinga

Nærare opplysningar kan ein få av fylkesmiljøvernsjef May Britt Jensen, mobil 469 34 768.

Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no

Om arbeidsgiveren:

Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.

Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 175 tilsette.

País del trabajo: Noruega.

Región: Rogaland.

Ver 542 ofertas de trabajo en "Rogaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de puesto: Contratación directa.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: FYLKESMANNEN I ROGALAND.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:be76632a-9c42-4309-8085-24db2ecca7a9.

Ver las 39 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de las ciencias y de la ingeniería : Arquitectos, urbanistas, agrimensores y diseñadores : Urbanistas e ingenieros de tránsito ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: