Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Técnicos en química industrial > Er Du Vår Neste Overingeniør Innan Uorganisk Kjemi?

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Búsqueda de Técnicos en química industrial en Noruega

Er Du Vår Neste Overingeniør Innan Uorganisk Kjemi?

Clasificación del trabajo: Técnicos y profesionales de nivel medio : Profesionales de las ciencias y la ingeniería de nivel medio : Técnicos en ciencias físicas y en ingeniería : Técnicos en química industrial.

Technicians and associate professionals : Science and engineering associate professionals : Physical and engineering science technicians : Chemical engineering technicians

Descripción de la oferta de trabajo:

Om stillinga

Ved Havforskingsinstituttet er det no ledig ein fast 100 % stilling som overingeniør. Stillinga er knytt til laboratorium for uorganisk kjemi. Vil du jobbe med analysar og metodeutvikling på Havforskingsinstituttet sitt laboratorium for uorganisk kjemi?

Om laboratorium for uorganisk kjemi

Laboratoriet vårt er akkreditert etter NS-EN ISO 17025. Hovudoppgåva vår er å utføre analysar for Havforskingsinstituttet sine forskingsprosjekt og forvaltningsprogram. Vi er i dag 12 engasjerte ingeniørar og lærlingar som held til i laboratoriet. 

Laboratoriet har ein moderne instrumentpark som inkluderer mellom anna ICP-MS, ICP-QQQ-MS, GC og HPLC. Aktivitetane våre er delt inn i råanalysar, metallanalysar og analysar av radioaktive stoff. I tillegg til analysearbeid jobbar vi med metodeutvikling og forbetring av eksisterande metodar.

Sentrale arbeidsoppgåver

Til denne stillinga ser vi etter deg som i hovudsak ynskjer å jobbe med metallanalysar. Vi treng deg som har erfaring med spesieringsanalysar, både arsen og selen. Opparbeiding og analysar av prøvar ved hjelp av ICP-MS vil også ligge til stillinga. Du vil delta i den daglege drifta av laboratoriet, med både drift og vedlikehald av instrument, og utvikling og implementering av nye metodar.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant kjemisk utdanning på masternivå. Søkjarar med bachelorutdanning i kombinasjon med relevant erfaring vil også vurderast til stillinga
  • Kunnskap om og erfaring med ICP-MS
  • Kompetanse på metodeutvikling
  • Gode norskkunnskapar for metodeskriving på norsk

Arbeidsspråket på Havforskingsinstituttet er norsk. Det å kunne kommunisere godt på norsk er ein viktig føresetnad både for den tilsette og for instituttet. Vi legg til grunn at ikkje-norskspråklege tilsette gjennomfører norskkurs i laupet av dei to fyrste åra av tilsettingsforhaldet. Norskopplæring vil bli dekka av instituttet etter fullførde og beståtte kurs.

Ynskjeleg kompetanse

  • erfaring med HPLC og GC
  • erfaring med metodar for fastsetting av metall, sporelement og metallformer
  • erfaring med LIMS
  • god kunnskap om kvalitetssikring
  • gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

Vi på Havforskingsinstituttet er overtydde om at personligheit spelar ei rolle i korleis ein jobbar, kommuniserer og trivst på arbeidsplassen. Til denne stillinga ser vi for oss ein medarbeider som er ein lagspelar av natur. Du jobbar for å halde entusiasmen oppe, av di du veit at det gagnar både deg og seksjonen, også i hektiske periodar. Du har eit sterkt engasjement, med stor gjennomføringsevne, og du er fagleg nysgjerrig. Dette gjer at du likar å halde deg oppdatert på metodikk og instrumentering.

Som medarbeidar hos oss vil du jobba ilag med menneske frå heile instituttet. Det er difor viktig at du har gode kommunikasjonsevner. Arbeidet krev at du meistrar å planlegge arbeidsdagen din på ein effektiv måte.

Vi vektlegg fleksibilitet. Det er viktig at den som vert tilsett er fleksibel med tanke på å ta på seg oppgåver som er naudsynte for den daglege drifta.

Inkludering, mangfald og positiv særbehandling

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar

med redusert funksjonsevne.

Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.

For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.

Vi tilbyr

  • arbeid i ein leiande forskingsinstitusjon, med stor samfunnsmessig relevans
  • eit spanande og solid fagmiljø
  • fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
  • offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • bedriftshytter
  • bedriftsidrettslag

Ytterlegare informasjon

Stillinga vert lønt som 1087 overingeniør, i samsvar med Hovudtariffavtalen i staten.

Søknad må sendast elektronisk via Jobb Norge. CV, relevante attestar og vitnemål må leggast ved i søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedt om å vera unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

Ynskjer du fleire opplysningar om stillinga kan du kontakte seksjonssjef ved laboratorium for uorganisk kjemi Marita Kristoffersen på telefon 411 08 691, eller e-post: MaritaEide.Kristoffersenhi.no .

Besøk gjerne nettsidene våre på www.hi.no .

Havforskingsinstituttet feirar 120 år!

Me feirar over hundre år med havforsking!

Om arbeidsgiveren:

Om Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet (HI) er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

 

 

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: HAVFORSKNINGSINSTITUTTET AVD BERGEN.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:0fad5016-b424-4135-806c-9692f57ece0a.

Ver las 29 ofertas de trabajo de Técnicos y profesionales de nivel medio : Profesionales de las ciencias y la ingeniería de nivel medio : Técnicos en ciencias físicas y en ingeniería : Técnicos en química industrial ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: