Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Profesionales de enfermería > Utdanningsstillingar For Operasjonssjukepleie

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Utdanningsstillingar for operasjonssjukepleie. Noruega

Trabajar en Noruega de Profesionales de enfermería

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Profesionales de enfermería y partería : Profesionales de enfermería.

Professionals : Health professionals : Nursing and midwifery professionals : Nursing professionals

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4340173462 Presentasjon av stillingen:

Operasjonssjukepleiestillingar ved Førde sentralsjukehus - tilsetting haust 2021.

Helse Førde tilbyr løn under utdanning til sjukepleiar som ønskjer å spesialisere seg i operasjonssjukepleie. Ved gjennomført utdanning og bestått eksamen vert det garantert fast stilling som spesialsjukepleiar i Helse Førde.

Arbeidsstad vil vere ved operasjonsavdelinga, Førde sentralsjukehus.

Føresetnad for å nytte seg av tilbodet er at ein kan dokumentere studieplass for relevant utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre utdanning i samsvar med studieoppsett for operasjonssjukepleieutdanning
  • Dei som får utdanningsstilling må pårekne å arbeide helgar i relevant avdeling i Helse Førde under utdannninga, samt 4 veker sommaren 2022

Kvalifikasjonar

  • Må ha autorisasjon som sjukepleiar og 2 års praksis

  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.

  • Utdanningsretning:

    • Sjukepleie vidareutdanning

  • Utdanningsnivå:

    • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
    • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Personlege eigenskapar

  • Må kunne ivareta pasienten i ei høgteknologisk avdeling
  • Må kunne samarbeide i tverrfaglege og varierte team
  • Ha evne til å arbeide i avdeling med høgt tempo
  • Evne til å kunne ta initiativ og arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Lønn tilsvarande 90% av full stilling etter gjeldande ansiennitet i samsvar med overeinskomst mellom Spekter og NSF, del A2, pkt.1.3.1. Lønn vert berre utbetalt i dei månadene studiesemesteret varer, dvs. ikkje i juli og august. For dei som skal jobbe 3 kvar helg kjem 20 - 25 % stilling i avdeling utanom
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fast 100% stilling som spesialsjukepleiar med atterhald om gjennomført og bestått praksis og eksamen
  • Bindingstid 3 år i samsvar med storleik på godtgjering i utdanningstida

Kontaktinformasjon

Reidunn Bergheim, Seksjonsleiar Operasjonsavdeling FSS, (+47) 578 39 102

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Førde

Referansenr.:4340173462

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 16.08.2021

Sluttdato: 16.12.2022

Søknadsfrist: 01.03.2021

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 2.

Empleador: HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:6cf6785f-7345-47e0-98e2-5c9adb9638e0.

Ver las 1,485 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Profesionales de enfermería y partería : Profesionales de enfermería ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: