Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Profesores de formación profesional > 60% Stilling Som Faglærar På Vaksenopplæring, Avdeling Helse- Og Oppvekstfag

en Español in English auf Deutsch en Français ...

60% stilling som faglærar på Vaksenopplæring, avdeling Helse- og oppvekstfag

Búsqueda en Noruega de Profesores de formación profesional

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Profesores de formación profesional : Profesores de formación profesional.

Professionals : Teaching professionals : Vocational education teachers : Vocational education teachers

Descripción de la oferta de trabajo:

Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2000 elevar og om lag 330 tilsette. Skulen har eit bredt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant- og matfag, service og samferdsel, studiespesialiserande, teknikk og industriell produksjon, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny Overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen.?

Faglærer 60% vaksenopplæring, avdeling Helse- og oppvekstfag

Bryne vidaregåande skule har ledig inntil 60% stilling som faglærer på Helse- og oppvekstfag, med undervisning på Vaksenopplæring. Det vil og vera behov for vikartimar utover stillingen, både ordinær undervisning og på vaksenopplæringa, derfor er det ynskjeleg at den som får stillingen er open for periodevis større stilling.

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning (min. bachelor) innan helse-, sosial-, eller oppvekstfag, og praktisk pedagogisk utdanning

Eller:

  • Yrkesfaglærarutdanning innan aktuelle fagområde

  • Godkjent politiattest

Arbeidsoppgåver:

  • Som faglærar har du ansvar for det pedagogiske arbeidet, saman med kollegaer.
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga undervisning.

Me ynskjer:

  • Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom/unge vaksne, og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar.
  • Ein tilsett som er open, samarbeidsorientert, kreativ og har godt humør.
  • At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert.
  • At du har gode digitale ferdigheiter.
  • At du tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over eigen praksis saman med elevar og kollegaer.
  • Det er ein fordel med erfaring frå undervisning på Helse- og oppvekstfag.

At du er personleg skikka vil bli vektlagt.

Skulen tilbyr:

  • Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg.
  • Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring.
  • Bryne er ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar.
  • Løn etter avtale.

Kontaktperson:

Øyvind Opdal, avdelingsleiar for Vaksenopplæring

Telefon: 90 96 29 32

e-post: oyvind.opdalskole.rogfk.no

Elisabeth Helgøy Nygård, Avdelingsleiar for Helse- og oppvekstfag

Telefon: 90 82 50 64

e-post: skole.rogfk.no" rel="nofollow">elisabeth.helgoy.nygardskole.rogfk.no

Søknadsfrist: 01.12.20

Søk på stillingen

Om arbeidsgiveren:

Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4000 ansatte. Vil du være med å utvikle Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?

Sammen utvikler vi ett godt Rogaland!

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: BRYNE VIDAREGÅANDE SKULE.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:b4bf0e5f-3e13-4714-a2b3-42fca8a01bf2.

Ver las 163 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Profesores de formación profesional : Profesores de formación profesional ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: