Ir a la versión más ligera, para móviles
en Español in English auf Deutsch en Français ...

Contrato en Noruega (Sogn og Fjordane) de Educadores para necesidades especiales

Spesialpedagog



Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Otros profesionales de la enseñanza : Educadores para necesidades especiales.
Professionals : Teaching professionals : Other teaching professionals : Special needs teachers.

Descripción de la oferta de trabajo:
Om arbeidsgiver:Sogndal vidaregåande skule er den største skulen i fylket med ca 800 elevar og 160 tilsette. Skulen har for tida 45 klassar fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idrettsfag, helse- og oppvekstfag, medie- og kommunikasjon, studiespesialisering, sal- og service, restaurant- og matfag og teknikk- og industriell produksjon. Skulen flytta inn i heilt nye lokale (byggesteg 2) hausten 2017. Resten av bygningsmassen stod oppført i 2011. Skulen legg vekt på å skape gode læringsmiljø og arbeidsvilkår for elevar og tilsette med fokus på kvalitet, trivsel, kunnskap, meistring og utvikling. Elevar som treng særskilt tilrettelagt opplæring høyrer til i ein klasse og på eit programområde. Ut i frå behov og føresetnader hjå eleven er opplæringa lagt til basen Læringshjørnet (individuelt eller i gruppe), til verkstad, klasserom eller eventuelt alternativ opplæringsarena. Elevane har eigen individuell opplæringsplan (IOP).Om stillingen:Med forbehold om økonomisk tildeling frå fylkeskommunen har Sogndal vidaregåande skule frå 1. januar 2018 følgjande ledig stilling: Ca. 50 % undervisningsstilling innan spesialundervisning (10 t/veke)Vi søkjer pedagog med vidareutdanning innan spesialpedagogikk. Kunnskap om og interesse for arbeid med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ein fordel. I det aktuelle undervisningsopplegget vil motorisk/fysisk trening, kvardagslivstrening og arbeid med sosial kompetanse/samspel bli vektlagt. For stillinga gjeldDu må like å jobbe med ungdom og vere strukturert, samtidig som du kan jobbe i eit hektisk og nyskapande miljø. Du må ha gode samarbeidsevner og like å jobbe i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.- Løn etter avtale - Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår - Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter dekka etter gjeldande reglar - Pensjons- og forsikringsordningar - 6 månaders prøvetid Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Etter offentleglova kan opplysningar om søkjarane bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje vert teken tilfølgje, blir søkjaren varsla om dette. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju. Utlysinga kan bli trekt ved eventuelt overtal i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på denne sida (Søk på jobben - og vel rett stilling i det elektroniske skjemaet). Kontaktperson for stillingaAstrid Kristiansen Rømmen, rådgjevar for tilpassa opplæring e-post: astrid.kristiansen.rommenReemplazar por una arrobasfj.no Tlf: 416 97 121 / 57 67 64 41 Meir informasjon om skulen: www.sogndal.vgs.no. Søknadsfrist: 7. desember 2017

Servicio de empleo de origen: NAV, Servicios Públicos de Empleo, Noruega.

País del trabajo: Noruega.

Región: Sogn og Fjordane.

Ver 76 ofertas de trabajo en "Sogn og Fjordane" (Noruega).

Fecha de inicio: 30/11/2017.

Nº de vacantes: 1.

Alojamiento facilitado: No.

Traslado incluido: No.

Se requieren cualificaciones profesionales: No.

Salario: 0.0 NOK mínimo y 0.0 NOK máximo (Anualmente).

Cómo solicitar: Otros (véase la descripción).

Empresa: Sogndal vidaregåande skule.

Dirección: 6851 SOGNDAL.

Email: astrid.kristiansen.rommenReemplazar por una arrobasfj.no





Ver las 115 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Otros profesionales de la enseñanza : Educadores para necesidades especiales ofertadas.

Ofertas de trabajo similares:

Spesialpedagog. Noruega, 30 Nov. 2017.

Ledig vikariat som spesialpedagog/logoped. Noruega, 26 Nov. 2017.

Veileder - Pedagogisk førskoleteam. Noruega, 18 Nov. 2017.

Spesialpedagog. Noruega, 05 Nov. 2017.

Spesialpedagog / ressurslærer på ungdomstrinnet. Noruega, 05 Nov. 2017.

PhD candidate. Noruega, 05 Nov. 2017.

Spesialpedagog - Voksen skole. Noruega, 22 Oct. 2017.

Fagstilling spesialpedagog. Noruega, 21 Oct. 2017.