Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > Educadores para necesidades especiales > Spesialpedagog/ Pedagog

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Spesialpedagog/ pedagog. Rogaland. Noruega

Oferta de trabajo en Noruega (Rogaland) de Educadores para necesidades especiales

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Otros profesionales de la enseñanza : Educadores para necesidades especiales.

Professionals : Teaching professionals : Other teaching professionals : Special needs teachers

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4282816322 Presentasjon av stillingen:

Me søkjer ein spesialpedagog/ pedagog i ca 60% fast stilling med oppstart snarast.

Arbeidsoppgåver

Me søkjer deg som liker ungdom og tek ungdom på alvor. Du må ha fokus på elevane og vera klar til å jobba i miljøet med dei som treng din kompetanse. Du er ein trygg vaksen og klar for å stå i utfordrande situasjonar. Du må ha fokus på eleven si fungering på skulen, i heimen og i fritida.

Du skal jobba med enkeltelevar og elevar i gruppe og i klassar. Du får ansvar for kontakt med heimen for enkeltelevar, å tilretteleggja ulike fag, skriva deler av individuelle opplæringsplanar og ansvar for å bidra i samarbeidsmøter.

Kvalifikasjonar

Godkjent utdanning som grunnskulelærar/ allmennlærar, eventuelt med vidareutdanning i spesialpedagogikk.

Kompetanse innan språkvanskar, adhd/ autisme er positivt.

Relevant utdanning og erfaring vil vektleggjast, i tillegg til personlege eigenskapar.

Personlege eigenskapar

Viktige personlege eigenskapar er gode evner til samarbeid, tålmod, kunne jobba sjølvstendig, vera fleksibel og god på relasjonar.

Du må vera oppteken av at eleven står i sentrum og at eleven skal høyra til i ein sosial samanheng. Du må vera tydeleg, systematisk og ryddig. Du må vera positiv og realistisk, og ha vilje og evne til å skapa tillit i samspelet med elevar og andre vaksne på skulen.

Du må ha eit stort engasjement for elevane.

Vi tilbyr

Me tilbyr ein spennande og utfordrande jobb i eit godt og inkluderande miljø. Lye ungdomsskule har 20 tilsette, og 118 elevar med to klassar på kvart trinn. Skulen stod ferdig i 1996, og har alt på eitt plan. Me har sambruk med Lye skule ift idrettshall og andre spesialrom. Skulen ligg flott til i Lyebygda rett ved idrettsanlegget.

Kontaktinformasjon

Monica Aga, konst.rektor, 51778371

Arbeidssted

kvartsvegen 5a

4340 Bryne

Søk på stillingen:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Time Kommune

Referansenr.:4282816322

Stillingsprosent: 60%

Startdato: 19.10.2020

Søknadsfrist: 17.09.2020

Om arbeidsgiveren:

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

País del trabajo: Noruega.

Región: Rogaland.

Ver 421 ofertas de trabajo en "Rogaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de puesto: Contratación directa.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: LYE UNGDOMSSKULE.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:9732e726-b976-4ee0-8556-bbf886897ba0.

Ver las 262 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Otros profesionales de la enseñanza : Educadores para necesidades especiales ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: