Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Sjukepleiar I Granvin

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Sjukepleiar i Granvin. Noruega

Oferta de trabajo en Noruega

Descripción de la oferta de trabajo:

Det er ledig 1-årsvikariat i 100 % stilling som sjukepleiar frå 1.2.2021 - 31.1.2022. Me treng engasjerte og dyktige medarbeidarar hjå oss. Me har samorganisert teneste med sjukeheim, omsorgsbustader og heimetenester. Du får ein variert og spennande arbeidskvardag.

Om arbeidsstaden

Granvin Sjukeheim har 8 langtidsplassar og 4 korttidsplassar

Institusjonen er samlokalisert med 20 omsorgsbustader i Mælandshagen.

Personalet arbeider på tvers av desse einingane.

Arbeidsoppgåver

Sjukepleiefaglege oppgåver på institusjon og i heimetenesta

Me søkjer deg som er

Sjukepleiar med norsk autorisasjon.

Vernepleiar, hjelpepleiar og helsefagarbeidar kan også bli vurdert.

Me ynskjer søkjarar som er

  • fleksible
  • kan takle nye utfordringar
  • har kunnskap og lyst å arbeida med eldre og personar med hjelpebehov
  • har godt humør
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.

Hugs å gje opp referansar.

Me tilbyr

  • dyktige kollegaer
  • høve til fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • ein trygg og god arbeidsstad
  • høve til å påverka din eigen arbeidskvardag og turnus
  • arbeid kvar 3.helg
  • ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg- og personleg utvikling
  • mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar

Søknad

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss

herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje

Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Om arbeidsgiveren:

Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: OMRÅDE AUST, VOSS KOMMUNE.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:851029cb-792c-4252-baf7-9ebdee300400.