Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Especialistas en métodos pedagógicos > Seniorrådgjevar Ved Studieavdelinga - Desentralisert Ordning For Kompetanseutvikling I Skulen

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Búsqueda de Especialistas en métodos pedagógicos en Noruega (Hordaland)

Seniorrådgjevar Ved Studieavdelinga - Desentralisert Ordning For Kompetanseutvikling I Skulen

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Otros profesionales de la enseñanza : Especialistas en métodos pedagógicos.

Professionals : Teaching professionals : Other teaching professionals : Education methods specialists

Descripción de la oferta de trabajo:

Jobbnorge ID: 178233

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY

Seniorrådgjevar

I samband med Universitetet i Bergen (UiB) sitt arbeid med Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen (Dekomp), lyser vi ut ei stilling som seniorrådgjevar, Stillingskode 1364. Den som vert tilsett får ansvar for å følgje opp Dekomp ved UiB, og må kunne samarbeide både med tilsette på universitetet og i skulen. Det er difor naudsynt med kjennskap frå liknande koordineringsarbeid på tvers av institusjonar/sektorar.

Dekomp-ordninga vart varsla i Melding St. 21 (2016-2017) Lærelyst - tidlig innsats og kvalitet i skolen. Gjennom Dekomp skal alle skuleeigarar og skular - kommunar, fylkeskommunar og friskular - i samarbeid med universitet og høgskular, ta ansvar for lærarane si profesjonsutvikling og skulens langsiktige kvalitetsutvikling. Kompetanseutviklinga skal vere kunnskaps- og forskingsbasert, og tilpassa lokale forhold. For at arbeidet skal verte opplevd som relevant og utviklingsfremmande, må Dekomp gjennomførast i tett samarbeid og partnarskap mellom aktørane.

Arbeidsoppgåver:

Universitetet i Bergen ønsker å kople arbeidet med Dekomp til pågåande utviklingsarbeid i lærarutdanninga. Til dømes kan det vere aktuelt å kople pågåande arbeid med fagfornyinga i skulane til undervisninga om dette temaet i lærarutdanninga.

Andre aktuelle oppgåver vil vere:

  • Kartlegge behov for kompetanseutvikling i skulane og på universitetet, og jobbe med formidling av resultat til programråd og -styre
  • Delta på nasjonale, regionale og lokale møteplassar for Dekomp og bidra til å spreie relevant informasjon om ordninga
  • Utvikle felles prosjekt mellom UiB og skulane i samarbeid med fagleg koordinator for praksis

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande masternivå. Utdanning på doktorgradsnivå vil vere ein føremon
  • Realkompetanse med relevans for dei konkrete oppgåvene lagt til stillinga kan erstatte utdanningskravet
  • Omfattande relevant fagadministrativ røynsle og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa stillinga sine funksjonar
  • Røynsle frå arbeid i skulen
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strategisk
  • Gode kunnskapar i munnleg og skriftleg norsk og engelsk
  • Røynsle med prosjektleiing
  • God arbeidskapasitet, fleksibilitet, gode gjennomføringsevner
  • Personlege eigenskapar, evne og vilje til samarbeid vil verte lagt vekt på

Seniorrådgjevarstillinga er førebels plassert ved Studieavdelinga. Stillinga skal på sikt plasserast ved eit <> som er under etablering og vil rapportere fagleg til Fagdirektør for lektorprogrammet. Dette er ei nyoppretta stilling, og den som vert tilsett vil ha gode moglegheiter til å påverke utforminga av stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68 - 75 (for tida kr 615 900 - 704 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: avdelingsdirektør Christen Soleim, christen.soleimuib.no, telefon: +47 414 79 181.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 629 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: Universitetet i Bergen.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:12091911000156.

Ver las 208 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Otros profesionales de la enseñanza : Especialistas en métodos pedagógicos ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: