Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Especialistas en políticas de administración > Seniorkonsulent (ph.d.- Koordinator)

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Seniorkonsulent (ph.d.- koordinator). Hordaland. Noruega

Ofertas de trabajo de Especialistas en políticas de administración en Hordaland (Noruega)

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Especialistas en organización de administración : Especialistas en políticas de administración.

Professionals : Business and administration professionals : Administration professionals : Policy administration professionals

Descripción de la oferta de trabajo:

Jobbnorge ID: 170413

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY

Seniorkonsulent (ph.d.- koordinator)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (ph.d. - koordinator, 100 %) med tilsetjing frå august 2019. Stillinga inngår i ein instituttadministrasjon på 14 personar. Arbeidsstaden er på Haukelandsområdet, med kontorplass i Laboratoriebygget.

Klinisk institutt 1 har om lag 240 tilsette og driv forsking, undervisning og formidling innan fagområda ortopedi, anestesiologi, patologi, radiologi, nevrologi, nevrokirurgi, øyre-nase-hals, psykiatri, oftamologi (auge), dermatologi (hud), gastroenterologi, ernæring og nefrologi. Vi underviser og rettleier studentar og doktorgradskandidatar innan medisinstudiet og ernæringsstudiar. Du finn meir informasjon om Klinisk institutt 1 her: https://www.uib.no/k1

Arbeidsoppgåver:

  • følgje opp instituttet sine om lag 150 doktorgradskandidatar frå søknad om opptak til disputas (sakshandsaming av søknader, rettleiing i høve studieløpet, midtvegsevaluering, rapporteringar, og formell og praktisk oppfølging ved disputas)
  • tett samarbeid med forskingsgrupper, forskarskular og fakultetets forskingsseksjon
  • vere instituttets ressursperson i forskingsadministrative spørsmål
  • oppdatering av publikasjonar CRIStin (Current Research Information System In Norway)
  • rutineutvikling, kvalitetssikring, høyringar
  • oppfølging av Helseforskingslova
  • informasjonsoppgåver (til dømes nyhendebrev og nettsider)
  • administrasjon av emne i forskarutdanninga

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • erfaring frå forskarutdanningsadministrasjon
  • god generell IT-kompetanse
  • ønskjeleg med erfaring og kjennskap til fellessystema som Universitetet i Bergen nyttar til forskingsadministrativt arbeid (til dømes FS, Mitt UiB, ePhorte, CHRistin med fleire)
  • god skriftleg og munnleg engelsk og norsk

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og som likar folk
  • digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • sjølvstendig, effektiv, strukturert og målretta
  • nøyaktig og pliktoppfyllande
  • initiativrik, serviceinnstilt og med god gjennomføringsevne

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 480 600-534 100. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Jorunn Skei, e-post: Jorunn.Skeiuib.no, mobil: 48 24 52 48, kontortelefon: 55 58 54 24.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 505 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: Universitetet i Bergen.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:12091905000420.

Ver las 340 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Especialistas en organización de administración : Especialistas en políticas de administración ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: