Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Oficinistas generales > Sekretær

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Sekretær. Noruega

Ofertas de empleo de Oficinistas generales en Noruega

Clasificación del trabajo: Personal de apoyo administrativo : Oficinistas : Oficinistas generales : Oficinistas generales.

Clerical support workers : General and keyboard clerks : General office clerks : General office clerks

Descripción de la oferta de trabajo:

Me søkjer:

Sekretær i 60% fast stilling ved Ølen omsorgssenter.

Stillinga er ledig frå 21.04.2021.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming i høve til mynde.
  • Økonomi; attestering løn avviksføring i notus, fakturering, etteroppgjer og innleige av personell samt budsjettoppfølging saman med einingsleiar.
  • Følgje opp arbeidsavtalar og endringsmeldingar til løn.
  • Post/sak/arkivbehandling. Kopiering /utsending og utforming av brev og korrespondanse
  • Skrankefunksjon og sentralbord for Ølen omsorgssenter
  • Innkjøp av kontormateriell
  • Sekretærarbeid for einingsleiar samt møteførebuing,
  • Samhandling med avd/sone leiar og fleksigruppa rundt fleksiturnus. Sekretær får i hovudsak tildelt oppgåver av einingsleiar
  • Andre oppgåver kan og bli tillagt funksjonen

Kvalifikasjonar

Fagbrev eller anna relevant utdanning og yrkeserfaring.

Arbeidet krev bruk av dataprogramma websak, CosDoc, Framsikt, Notus og excel.

Andre opplysningar

Base på Ølen omsorgssenter, eining Pleie og omsorg.

Fleksibel arbeidstid jf. Kommunens regelverk.

Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Personlege eigenskapar

  • Du må vera ein person som er serviceinnstilt, fagleg dyktig, lika utfordringar og trivast i eit aktivt miljø.
  • Du må ha god økonomiforståing vera løysingsorientert, ha gode samarbeidsevne og godt humør.
  • Tenestane våre er i utvikling, så gode IT kunnskapar og interesse for nye system er ei føresetnad.
  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me kan tilby

  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Tilsetjing på vanlege vilkår
  • Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
  • Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Søknad sendes

Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.

Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.

Om arbeidsgiveren:

Ølen omsorgssenter er plassert i Ølen. Omsorgssenteret har ansvar for drift av produksjonskjøkken, dagsenter, somatisk langtidsavdeling, korttid/rehabiliteringsavdeling, inkludert palliativ seng med totalt 30 institusjonsplasser. Heimetenesta for heile kommunen delt på indre og ytre sone, indre sone har kontor ved Ølen omsorgssenter og ytresone har kontor ved Vindafjordtunet. Kvar avdeling/ sone vert administrert av kvar sin avdelingssjukepleiar. Sonene har teamsjukepleiar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Fysio/ergo har og sine kontor/treningssenter på omsorgssenteret. Me som jobbe på Ølen omsorgssenter har fokus på kvalitet på våre tenester og at våre bebuarar/brukarar skal ha brukarmedverknad og leva heile livet.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: VINDAFJORD KOMMUNE SERVICE- OG FELLESTJENESTER.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:065a206a-6825-4817-876e-d40dbeaf414a.

Ver las 890 ofertas de trabajo de Personal de apoyo administrativo : Oficinistas : Oficinistas generales : Oficinistas generales ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: