Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > Especialistas en políticas de administración > Saksbehandlar

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Empleos en Noruega (Oslo) de Especialistas en políticas de administración

Saksbehandlar

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Especialistas en organización de administración : Especialistas en políticas de administración.

Professionals : Business and administration professionals : Administration professionals : Policy administration professionals

Descripción de la oferta de trabajo:

Vil du vere saksbehandlar i eit stort juridisk miljø med fagleg tyngde? 

Hovudoppgåva vår er å behandle erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har opplevd svikt i helsetenesta. Årleg får vi inn rundt 6000 nye erstatningssaker. Vi har i overkant av hundre saksbehandlarar som jobbar med å vurdere sakene opp mot pasientskadelova. Nokre jobbar med å avgjere om erstatningssøkjaren får medhald eller ikkje på søknaden sin. Andre jobbar med å rekne ut erstatningssummen til dei som har fått medhald. Det er til den fyrste delen vi no søkjer medarbeidarar, altså til å vurdere om søkjaren har rett til erstatning.

Det strategiske målet vårt framover er å redusere saksbehandlingstida gjennom å forenkle måten vi jobbar på. Dette gjer vi mellom anna gjennom effektiv tidsbruk, løysingsorientert tilnærming til sakene og gode digitale verktøy. 

Vi søkjer både erfarne og nyutdanna til å hjelpe oss å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt.

Arbeidsoppgåver

  • Du får ein portefølje med pasientskadesaker som du har ansvaret for å handtere effektivt.
  • Du skal gjere ei juridisk vurdering av om erstatningssøkjaren har rett til erstatning. Medisinsk sakkunnige gjer den medisinfaglege vurderinga, og dei vil du ha kontakt med både via det digitale saksbehandlingssystem vårt og i møter.
  • Du må ta kontakt med erstatningssøkjaren, behandlingsstaden, eventuelle pårørande, advokat eller andre for å hente inn informasjon. Mykje av denne kontakten skjer på telefonen.
  • For den rette vil det òg vere mogleg å delta i tverrfagleg utviklingsarbeid.  

Kven trivst hos oss?

Du må bli motivert av konkrete mål og vere resultatorientert. Du vil få krevjande produksjonsmål, som du blir følgd opp på. Du må kunne pushe deg sjølv, prioritere mellom mange ulike oppgåver og ha god evne til å ta avgjerder.

Du må òg like å prate med menneske. Sjølv om du har ansvar for eigen portefølje, vil du òg ha mykje kontakt med kollegaene dine. Kommunikasjon med pasientar og andre som sakene vedkjem er svært viktig, så du må trivast med å bruke telefonen aktivt.  

Det er ein fordel om du har ei interesse for medisin (forkunnskapar trenger du ikkje) og at du likar å skrive.  

Kvalifikasjonar

Du må ha fullført høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, helst juridisk, samfunnsvitskapleg eller helsefagleg.

Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.  

Vi jobbar papirlaust og føreset gode digitale evner. 

Personlege eigenskapar vi ser etter

  • Du må vere sjølvstendig og løysingsorientert, fordi du skal sørgje for god framdrift i ein portefølje av saker. 
  • Du må ha bein i nasen, tore å ta avgjerder og tore å ha ei meining òg der du ikkje er hundre prosent sikker på svaret.  
  • Du må møte erstatningssøkjarane med empati og forståing.
  • Du må vere ein fleksibel og god kollega som hjelper til der det trengst.  
  • Du må vere strukturert og effektiv fordi fagfeltet er komplisert og du heile tida har mange parallelle saker gåande.

Det er viktig at du er personleg eigna for denne typen arbeid og vi legg større vekt på det enn erfaring med tilsvarande oppgåver. 

Vi tilbyr deg...

...ein meningsfull jobb der vi stiller krav til deg, men vi tek òg godt vare på deg. Vi gir deg omfattande opplæring i både fag og system. Vi har eigne fagrettleiarar og systemsuperbrukarar. Du får stor grad av styring på din eigen arbeidskvardag og blir del av eit fellesskap av mange saksbehandlarar med liknande arbeidsoppgåver. Som ei statleg verksemd kan vi tilby deg følgjande:

  • trening i arbeidstida, ein løna time i veka 
  • fleksibel arbeidstid med 7 timar pr. dag om sommaren og 7,75 timar om vinteren
  • moglegheit for heimekontor etter ei viss tid i jobben
  • gode pensjonsordningar og lånemoglegheiter i Statens pensjonskasse
  • IA-bedrift med bedriftshelseteneste
  • sponsa velferdsaktivitetar 
  • stillinga er løna som førstekonsulent eller rådgivar i lønsspennet  459 100- 544 400 brutto per år, avhengig av kvalifikasjonar.

Vi har lyst ut ei stilling, men det kan bli moglegheit for fleire stillingar.

Vi gjer bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. For at vi skal vurdere søknaden din må du laste opp karakterutskrifter/vitnemål (og eventuelt relevante attestar) som vedlegg til den elektroniske søknaden din.   

I samsvar med offentleglova §25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedd om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.

Vi ynskjer mangfald og vil difor oppfordre alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne, religion, nasjonal eller etnisk bakgrunn.   

KontaktinformasjonFrøy Høverstad, Seksjonssjef, 22994565

ArbeidsstedWergelandsveien 1-3

0167 Oslo

Søk på stillingen:Klikk her

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver:Norsk pasientskadeerstatning

Referansenr.:4041480479

Stillingsprosent: 100%

Søknadsfrist: 27.03.2019

País del trabajo: Noruega.

Región: Oslo.

Ver 1333 ofertas de trabajo en "Oslo" (Noruega).

Número de puestos: 3.

Empleador: Norsk pasientskadeerstatning.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:03121903000159.

Ver las 322 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Especialistas en organización de administración : Especialistas en políticas de administración ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: