Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Especialistas en políticas de administración > Rådgjevar

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Rådgjevar. Noruega

Trabajos de Especialistas en políticas de administración en Noruega

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Especialistas en organización de administración : Especialistas en políticas de administración.

Professionals : Business and administration professionals : Administration professionals : Policy administration professionals

Descripción de la oferta de trabajo:

Org.nr.:921244207 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Rådgjevar innan folkehelse, plan og kultur

Saman blir vi drivande gode er visjonen til Sunnfjord kommune. I dette ligg det mellom anna at vi skal sikre ei sosialt berekraftig utvikling, god helse og livskvalitet, samt trygge og gode oppvekstvilkår for innbyggarane våre. Vi ønsker å tilby innbyggarane våre det gode kvardagsliv. Har du lyst til å vere med å bidra til dette?

Vi har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar innan folkehelse, planarbeid og kultur i Sunnfjord kommune. Stillinga er under utforming og arbeidsoppgåvene kan bli endra ut i frå kven som blir tilsett.

Stillinga er lagt til stabseining for Fagutvikling.

Aktuelle arbeidsområde:

  • koordinere kommunen sitt tverrfaglege og systematiske folkehelsearbeid
  • engasjere/bistå administrativt og politisk nivå i folkehelsearbeidet i kommunen
  • søke på, og koordinere ulike tilskotsordningar
  • prosjektutvikling, rapportering og evaluering av folkehelsetiltak
  • plan- og utviklingsarbeid, samt analyse- og utgreiingsarbeid
  • brei deltaking og samarbeid på tvers av kommunen sine tenesteområde

Vi ønsker ein person med følgande kvalifikasjonar/erfaring:

  • relevant utdanning, fortrinnsvis på masternivå, til dømes innan folkehelsearbeid eller samfunnsvitenskap/planlegging

    • lang relevant erfaring kan kompensere for mastergrad

  • erfaring og kompetanse innan folkehelsearbeid og helsefremmande arbeid

  • erfaring med prosjekt- og utgreiingsarbeid, og gjennomføring av tverrfaglege prosjekt

  • erfaring med kommunal planlegging

  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar:

Sidan stillinga er under utforming, vil du kunne få vere med å skape din eigen arbeidskvardag. Det krev at du arbeider sjølvstendig og har gode samarbeidseigenskapar. Du har evne til å sjå heilskaplege løysingar og likar å arbeide i prosessar. Vi vil vektlegge eigenskapar som: god kommunikasjons- og formidlingsevne, evne til å arbeide systematisk og strukturert, kreativ tenking og evne til å bygge gode og tillitsfulle relasjonar.

Vi tilbyr:

  • godt arbeidsmiljø og ein variert arbeidskvardag
  • moglegheit for fagleg utvikling
  • gode pensjons- og forsikringsvilkår

Løn etter avtale.

Vi håper du søker og ser fram til å høyre frå deg!

Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar Liv Janne Bell Jonstad, Tlf: +47 57 61 26 59, Mobil +47 909 80 067, Epost: liv.janne.bell.jonstadsunnfjord.kommune.no

Om arbeidsgiveren:

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: SUNNFJORD KOMMUNE FAGUTVIKLING.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:3886e910-6de4-44fd-8c08-36f39844ce10.

Ver las 497 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Especialistas en organización de administración : Especialistas en políticas de administración ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: