Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Inspectores de la salud laboral, medioambiental > Rådgjevar - Hms Og Kvalitetsstyring

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Ofertas de empleo de Inspectores de la salud laboral, medioambiental en Noruega (Sogn og Fjordane)

Rådgjevar - Hms Og Kvalitetsstyring

Clasificación del trabajo: Técnicos y profesionales de nivel medio : Profesionales de nivel medio de la salud : Otros profesionales de nivel medio de la salud : Inspectores de la salud laboral, medioambiental y afines.

Technicians and associate professionals : Health associate professionals : Other health associate professionals : Environmental and occupational health inspectors and associates

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: 974556669 Stillingsident: 4142029992 Presentasjon av stillingen:

HR-seksjonen er ein del av organisasjon og økonomiavdelinga. HR-direktøren har det overordna faglege ansvaret for HMS-arbeid og kvalitetsstyring i fylkeskommunen. Det er oppretta ei faggruppe for HMS og kvalitet under HR-direktøren. Som rådgjevar skal du gå inn i denne faggruppa og vere ein pådrivar i arbeidet med HMS og kvalitetsstyring i fylkeskommunen.

Du skal i samråd med fylkesdirektørane vidareutvikle systema for risikovurdering, HMS-planlegging og avvikshandsaming, slik at dei oppfyller lovpålagde krav. Du skal vidare bidra til at fylkeskommunen held fram med å utvikle ein kultur der HMS og kvalitetsstyring inngår som ein naturleg del av den daglege aktiviteten. Du vil ha eit tett samarbeid med fylkeskommunen si eksterne bedriftshelseteneste, med rådgjevarar for beredskap, personvern og informasjonssikkerheit og med HMS- og kvalitetskoordinatorar i dei ulike avdelingane og einingane.

Stillinga vil ha arbeidsstad i Leikanger.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjevar og saksbehandlar for fagområda HMS, internkontroll og kvalitetsstyring.
  • Koordinere og leie overordna prosessar og prosjekt innan fagområda.
  • Internt og eksternt samarbeid og nettverksbygging innan fagområda
  • Motivere til gode og førebyggande haldningar til HMS og kvalitetsarbeid.
  • Sikre god informasjon og opplæring til dei tilsette i fylkeskommunen.
  • Medvirke ved innføring av nytt styringssystem for kvalitet og HMS

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning med relevans for fagområda. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Praktisk erfaring frå HMS- og kvalitetsarbeid
  • Praktisk erfaring med formidling og opplæring
  • Praktisk erfaring med leiing av prosessar
  • God erfaring med bruk og administrasjon av digitale verktøy
  • Erfaring frå arbeid i store organisasjonar

Personlege eigenskapar

  • God evne til samhandling internt og eksternt '
  • Løysingsorientert og kvalitetsbevisst
  • Analytisk og strukturert
  • Sjølvstendig og evne til å drive prosessar vidare
  • Organisasjonsforståing

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar og eit motiverande arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte fagfolk.
  • Gode offentlege tenestepensjons- og forsikringsvilkår.
  • Løn etter avtale.
  • Fleksibel arbeidstid.

Andre opplysningar

  • Våre verdiar er: "open, kompetent og modig".
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Frode Mannsåker, HR-leiar, 95967176

Arbeidsstad

Leikanger

6863

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Hordaland fylkeskommune

Referansenr.:4142029992

Stillingsprosent: 100%

Søknadsfrist: 27.10.2019

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Sogn og Fjordane.

Ver 68 ofertas de trabajo en "Sogn og Fjordane" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: Hordaland Fylkeskommune, administrasjon.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:14191910000002.

Ver las 101 ofertas de trabajo de Técnicos y profesionales de nivel medio : Profesionales de nivel medio de la salud : Otros profesionales de nivel medio de la salud : Inspectores de la salud laboral, medioambiental y afines ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: