Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > taxista > Søker Serviceinnstilt Sjåfør I 100% Stilling. Eventuelt Deltidsstilling.

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Søker serviceinnstilt sjåfør i 100% stilling. Eventuelt deltidsstilling.

Empleo de taxista en Vestland (Noruega)

Clasificación del trabajo: Operadores de instalaciones y máquinas y ensambladores › Conductores de vehículos y operadores de equipos pesados móviles › Conductores de automóviles, camionetas y motocicletas › Conductores de automóviles, taxis y camionetas › taxista.

Traducción de la profesión: Plant and machine operators and assemblers › Drivers and mobile plant operators › Car, van and motorcycle drivers › Car, taxi and van drivers.

Descripción de la oferta de trabajo:

Då ein av våre tilsette skal starta på meir utdanning, søker vi etter ein serviceinnstilt person, som likar å omgåast folk og likar å køyre bil.

Om du er interessert i deltidsstilling, kan det og vere interessant for oss.

Arbeidsoppgåver

· Køyre passasjerar og pakkar.

· Stell og reinhald av bilen ein brukar.

· I samarbeid med eigar, sjå til nødvendig vedlikehald.

· Svare telefon og notere reservasjonar frå kundar.

· Dirigere og fordele trafikken mellom bilane.

Arbeidet er skiftarbeid inkludert kvelds- og helgearbeid.

Kvalifikasjonar

· Du må vere fylt 20 år.

· Politiet sjekkar at du har tilfredsstillande vandel.

· Er du utanlandsk statsborgar, må du som hovudregel ha budd i Norge i fire år. Du må mestre norsk, munnleg og skriftleg. Krav om butid gjeld ikkje dersom du er frå eit EØS-land.

· For å få køyresetel treng du original helseattest frå lege. Helseattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.

· I tillegg til krava over, må du ha hatt førarkort i minst to år samanhengande.

· Ny søkjar av køyresetel, må bestå teoretisk prøve hos biltilsynet.

· Dersom du fekk køyresetel før 1. november 2020, treng du ikkje å ha bestått drosjesjåføreksamen for å fornye denne.

· Har du yrkessjåførkompetanse for persontransport, treng du ikkje ta drosjesjåføreksamen (vegvesen.no).

Vi tilbyr

· Løn etter avtale

· Varierte og spennande arbeidsoppgåver

· Gode moglegheiter for etter kvart å kunne få eige drosjeløyve.

· Godt arbeidsmiljø. Og godt bumiljø i Sandane og nærområde. Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 -- 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.

Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.

Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

For meir informasjon om stillinga ta gjerne kontakt med LOKALTAXI Sandane, dagleg leiar Harald Hauge tlf. 99 50 53 80 eller styreleiar Hans Os tlf. 94 05 90 20. Send gjerne søknad med attest pr. e-post. sandane.taxienivest.com

Om arbeidsgiveren:

Om Lokaltaxi Sandane

Sandane Taxisentral ANS er eigd av drosjeeigarane. Drosjeeigarane er sjølvstendige næringsdrivande, og løn vert utbetalt frå den du køyrer for. Tilsetting og løn vert samordna av Taxisentralen.

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestland.

Ver 225 ofertas de trabajo en "Vestland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Empleador: SANDANE TAXISENTRAL ANS.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 15 de Abril de 2024, y con identificador de la vacante:f4f69500-fbc2-4e19-b51b-b60be7127bb5.

Ver las 83 ofertas de trabajo de Operadores de instalaciones y máquinas y ensambladores › Conductores de vehículos y operadores de equipos pesados móviles › Conductores de automóviles, camionetas y motocicletas › Conductores de automóviles, taxis y camionetas › taxista ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: