Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Traductores, intérpretes y lingüistas > 6 Månaders Engasjement Som Nynorskkonsulent
en Español in English auf Deutsch en Français ...
Trabajos de Traductores, intérpretes y lingüistas en Noruega
6 Månaders Engasjement Som Nynorskkonsulent
Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Autores, periodistas y lingüistas : Traductores, intérpretes y lingüistas.
Professionals : Legal, social and cultural professionals : Authors, journalists and linguists : Translators, interpreters and other linguists
Descripción de la oferta de trabajo:
Nynorsk språkkonsulent 100 % stilling, seks månaders engasjement
Stillinga er organisert i utvilkingseininga bruarbehov, digitalisering og kommunikasjon, i seksjon for kommunikasjon.
Fylkestinget har vedtatt at Vestfold og Telemark fylkeskommune skal vere språkleg nøytral, men at 25 prosent av det skriftlege språket skal vere på nynorsk, for eksempel i brev, i rapportar og på
nettsider.
Fylkestinget har også vedtatt ein språkbruksplan, som fortel korleis vi skal
kommunisere skriftleg. Planen inneheld mellom anna språkpolitiske mål og forslag til tiltak. Det er behov for ein person som leier arbeidet med å heve nynorskkompetansen, mellom anna ved å kurse tilsette, omsetje standarddokument og svare på nynorskspørsmål frå tilsette.
Hovudarbeidsoppgåver og ansvarsområde
Den som blir tilsett, skal
- vere vår interne nynorskekspert og gi råd i språkspørsmål
- kurse tilsette i nynorsk
- omsetje standardiserte malar og dokument
- språkvaske tekstar
- svare på eksterne spørsmål til fylkeskommunen om nynorsk
- hjelpe til med å lage ein ny språkprofil for Vestfold og Telemark fylkeskommune i samarbeid med seksjon for kommunikasjon
- følgje opp språkbruksplanen som blei vedtatt av fylkestinget desember 2020, i samarbeid med seksjon for kommunikasjon
Kvalifikasjonar
++Utdanning:++
- høgare utdanning, helst innanfor språkfag
++Erfaring:++
- relevant erfaring med språkarbeid, inkludert språkvask, korrektur og omsetjing av tekstar
- solid nynorskkompetanse
- god IT-kompetanse
- bestått Språkrådets kompetanseprøve i nynorsk og/eller bokmål
- undervisningserfaring eller erfaring med å halde kurs og foredrag
- kjennskap til klarspråksarbeid
- kjennskap til offentleg forvaltning
++Personlege eigenskapar:++
- sjølvstendig, målretta og resultatorientert
- lagspelar
- serviceinnstilt
Vi legg vekt på om du er personleg eigna.
Tilsetjing og prøvetid
Tilsetjing skjer på grunnlag av dei lovene, tariffavtalane og reglementet som til kvar tid gjeld. Som hovudregel praktiserer vi 6 månaders prøvetid frå tiltredingsdatoen.
Slik søkjer du
Søknaden sender du via eit elektronisk søknadsskjema. Vitnemål og attestar tek du med til eit eventuelt intervju.
Vi gjer merksam på at alle søkjarane våre kjem på den offentlege søkjarlista, jf. offentleglova § 25.
Dersom du ønskjer fritak frå offentleggjering, må du grunngi det i søknaden. Dersom ønsket ditt ikkje blir innvilga, varslar vi deg om det. Fylkeskommunen er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte, til å søkje uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Om fylkeskommunen
Fylkeskommunen er politisk styrt med fylkesordføraren som øvste politiske leiar. Fylkesrådmannen er øvste administrative leiar.
Vestfold og Telemark fylkeskommune skal bidra til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen, og har ansvar for viktige oppgåver innanfor mellom anna vidaregåande opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar, samfunnsutvikling og regional- og arealplanlegging. Vi jobbar tverrfagleg og set behova til innbyggjarane i sentrum. Til dette oppdraget søkjer vi etter ein motivert og endringsvillig medarbeidar som er god til å byggje relasjonar og er ein utviklings- og løysingsorientert lagspelar.
Om arbeidsgiveren:
null
País del trabajo: Noruega.
Número de puestos: 1.
Empleador: VESTFOLD OG TELEMARK FYLKESKOMMUNE AVD SKIEN FYLKESADMINISTRASJON.
Instrucciones para solicitar:
Identificador de la vacante:3dab017f-7214-468d-9879-e895a0c55d13.
Ofertas de trabajo similares:
- Språkkonsulent i fast stilling ved Isak Saba senteret. Noruega, 31 Mar. 2021.
- Tolk for døve, hørselshemmede og døvblinde. Noruega, 09 Mar. 2021.
- Er du opptatt av samfunnsoppdraget og hvordan utvikle tjenester for å oppnå beste praksis?. Noruega, 04 Mar. 2021.
- SDL Norway søker oversettere til sommervikariater. Noruega, 04 Mar. 2021.
- Tolk for hørselshemma og døvblinde. Noruega, 03 Mar. 2021.
- Tolk for hørselshemmede og døvblinde. Noruega, 03 Mar. 2021.
- Tegnspråk i barnehagen. Noruega, 03 Mar. 2021.