Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Abogados > Ledig Stilling Som Politiadvokat 2 I Møre Og Romsdal Politidistrikt

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Ledig stilling som politiadvokat 2 i Møre og Romsdal politidistrikt

Ofertas de trabajo de Abogados en Møre og Romsdal (Noruega)

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Profesionales en derecho : Abogados.

Professionals : Legal, social and cultural professionals : Legal professionals : Lawyers

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4093508171 Presentasjon av stillingen:

I Møre og Romsdal politidistrikt har vi ledig fast stilling som politiadvokat 2. Stillinga vil ha fagansvar for området etterforsking av seksuallovbrot og vald mot barn. Ved internt opprykk kan det bli ledig stilling som politiadvokat 2 med tilleggsoppgåver innan fagutvikling, instruksjon og uttgreiingar.

Felles eining for påtale som består av fire seksjonar: tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein straffeseksjon. Stillinga er organisert ved Seksjon for påtale Sunnmøre som er stedsplassert i Ålesund.

Seksuelle overgrep og vald mot barn er saksområder som har høgaste prioritet både frå Riksadvokat og politidirektorat. Stillingsinnehaver vil samarbeide med både interne og eksterne aktørar.

Vi

søkjer ein fagleg dyktig, ansvarsbevisst, motivert og fleksibel medarbeidar med

gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, men som likevel evner å vere tydeleg

med faglege føringar.

Du må ha plettfri vandel og vere skikket for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Stillinga må søkjast på elektronisk. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden elektronisk.

Vi tek sikte på å gjennomføre intervju tidleg i veke 27.

Arbeidsoppgåver

For politiadvokat 2 med fagansvar for seksuallovbrot og vald mot barn:

  • Fagansvar for området etterforsking av seksuallovbrot og vold mot barn i politidistriktet. Det kan vurderast tillagt ytterlegare oppgåver/fagfelt som naturleg fell saman med fagansvaret
  • Bidra til fagleg utvikling av påtalejuristar og etterforskarar
  • Saksansvar for seksuallovbrot og vald i nære relasjonar, herunder avhøyrsleiar i tilrettelagte avhøyr
  • Oppgåver innan fagutvikling, instruksjon og uttgreiingar
  • Bidra til distriktets måloppnåing for fagfeltet, herunder identifisering av saker som må prioriterast

Ved eventuelt opprykk for politiadvokat 2:

  • Oppgåver innan fagutvikling, instruksjon og utgreiingar

For øvrig

  • Påtaleansvarleg i andre tildelte saker
  • Utføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Utføre jourteneste etter tenesteplan
  • Avgrense, sette mål for og følge opp framdrift i etterforskinga
  • Sørge for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
  • Kontakt med media
  • Kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • Utvida påtalekompetanse
  • Minimum 7 års erfaring frå påtalemyndigheit. Ved særleg sterke faglege kvalifikasjonar kan ein fråvike dette kravet
  • Kompetanse og erfaring frå arbeid med store og kompliserte straffesaker
  • Norsk statsborgarskap

For politiadvokat 2 med fagansvar for seksuallovbrot og vald mot barn:

  • Det er ønskeleg med utdanning frå Politi(høg)skulen som avhøyrsleiar for tilrettelagte avhøyr
  • Høg fagleg kompetanse innen seksualllovbrot og vald i nære relasjonar

Ved eventuelt internt opprykk:

  • Det er ønskeleg med etterutdanning innan eitt eller fleire fagfelt
  • Høg fagleg kompetanse innan eitt eller fleire fagområder

Personlege eigenskapar

  • Kunne bidra til utvikling og framdrift av fagfeltet og medarbeidarar, herunder både påtalejuristar og etterforskarar
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er ansvarsbevisst og initativrik
  • Du har god iverksettings- og gjennomføringsevne
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Det vil bli lagt vekt på motivasjon og eignaheit for stillinga

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiets framtid.
  • Fast stilling som politiadvokat 2 (SKO 1543). Ved eventuelt internt opprykk blir det ledig stilling som politiadvokat 2 (SKO 1543).
  • Løn frå kr 670 000 brutto per år. Endeleg lønsplassering er avhengig av kvalifikasjonar, erfaring og ansiennitet.
  • Tilsetting etter gjeldande regelverk, lov om statens ansatte, personalreglement mv.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK), med gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det trekkast to prosent av løna til SPK.
  • Høve til trening i arbeidstida.
  • Møre og Romsdal politidistrikt er IA-bedrift og tilknytta bedriftshelseteneste.

Kontaktinformasjon

Kirsti Hammerø, Politiinspektør , 47 79 89 53

Elin Drønnen , Driftseiningsleiar , 40 45 42 65

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50

6001 Ålesund

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Møre og Romsdal pd

Referansenummer:4093508171

Stillingsprosent: 100%

Søknadsfrist: 27.06.2019

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Møre og Romsdal.

Ver 208 ofertas de trabajo en "Møre og Romsdal" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: POLITIETS FELLESTJENESTER.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:15041906000083.

Ver las 135 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Profesionales en derecho : Abogados ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: