Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Directores y gerentes de servicios profesionales > Ledig Stilling Som Avdelingsleiar Ved Vågåheimen

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Ofertas de empleo de Directores y gerentes de servicios profesionales en Innlandet (Noruega)

Ledig Stilling Som Avdelingsleiar Ved Vågåheimen

Clasificación del trabajo: Directores y gerentes › Directores y gerentes de producción y operaciones › Directores y gerentes de servicios profesionales › Directores y gerentes de servicios profesionales no clasificados bajo otros epígrafes.

Traducción de la profesión: Managers › Production and specialised services managers › Professional services managers › Professional services managers not elsewhere classified.

Descripción de la oferta de trabajo:

Vil du bli ein del av vårt leiarteam?

Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Vågåheimen søkjer etter avdelingsleiar!

Vil du leie og utvikle framtidas sjukeheimsinstitusjon? Som avdelingsleiar Vågåheimen vil du ha ei nykkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg.

Ved institusjon Vågåheimen møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og arbeidar dagleg med tenesteutviklingsarbeid. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget.

Som avdelingsleiar vert du ein del av leiarteamet, der det krevs at du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg til dyktige tilsette, har du med deg fagsjukepleier, avdelingssjukepleier og tenesteleiar. Vi har tett og godt samarbeid med Heimetenesta, som er ein del av tenesteområdet Helse- og omsorg.

Avdelinga består av 32 institusjonsplassar, fordelt på langtidsplassar og korttidsplassar (avlastning, rehabilitering og observasjon). Vågåheimen har eiga demensavdeling. I tillegg har du som avdelingsleiar ansvar for Vaskeriet og Dagtilbodet for heimebuande eldre. Du har personalansvaret for om lag 80 tilsette.

I tenesta legg vi vekt på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. bygging og oppgradering av bygget Vågåheimen til ein topp moderne institusjon! Vi har stor merksemd på velferdsteknologiske løysningar, innovasjon og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver:

  • Budsjettoppfylging som inneber å delta aktivt i budsjettarbeid og budsjettrapportering

  • Fag- og personalansvar for avdelinga

  • Levere god tenestekvalitet i tråd med avdelinga sine rammar og mål

  • Utøve nærleiing og ha høg tilstedeværelse i avdelinga

  • Ha fokus på kontinuerleg forbetringsarbeid og læring

  • Arbeide for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Ha nært samarbeid med tillitsvalde, verneombod og Miljøgruppe

  • Turnusansvar og tilsettingsprosessar

  • Fagansvarleg for lærlingar innan helsefag

  • Lista er ikkje uttømmande

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar med minimum 5 års erfaring

  • Leiarutdanning og/ eller erfaring med leiing av institusjonstenester

  • Vidareutdanning innan geriatri, og erfaring frå demensomsorg er ein fordel

  • Gode turnuskunnskapar er ynskjeleg

  • Evne til å setje seg inn i og benytte nye teknologiske system som til dømes velferdsteknologiske løysningar

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • God forståing for og erfaring med økonomistyring og rammebetingelser

  • Relevant erfaring er ynskjeleg

Eigenskapane dine:

  • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig og i team

  • Høg arbeidskapasitet og god rolleforståing

  • Er tydeleg og trygg i rolle som leiar

  • Strukturert og systematisk

  • Gjennomføringsevne

  • Motiverast av utvikling

  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner

  • Initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet

  • Evne til å motivere andre og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

  • Fleksibel, lojal og er ein lagspelar

Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som avdelingsleiar vil få ei nykkelrolle for utvikling av tenesta

  • Deltaking i ei støttande og inkluderande leiargruppe med høgt fagleg fokus, som er motiverte og er tydelege lagspelarar

  • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer

  • Ei avdeling med fokus på fag, kvalitet og utvikling

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Konkurransedyktig lønn

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Stillingsprosent vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar.

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottakvaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 04.01.2026

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Om arbeidsgiveren:

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel om med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eir godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: der finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettsanlegg, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.

País del trabajo: Noruega.

Región: Innlandet.

Ver 117 ofertas de trabajo en "Innlandet" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Experiencia: 4 años.

Empleador: VÅGÅHEIMEN.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 04 de Enero de 2026, y con identificador de la vacante:7ab5d207-4642-48a7-bd5a-433c25834ae9.

Ver las 4 ofertas de trabajo de Directores y gerentes › Directores y gerentes de producción y operaciones › Directores y gerentes de servicios profesionales › Directores y gerentes de servicios profesionales no clasificados bajo otros epígrafes ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: