Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > inspector agropecuario/inspectora agropecuaria > Landbrukssjef

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Empleo en Noruega (Møre og Romsdal) de inspector agropecuario/inspectora agropecuaria

Landbrukssjef

Clasificación del trabajo: Técnicos y profesionales de nivel medio › Profesionales de nivel medio en operaciones financieras y administrativas › Agentes de la administración pública para la aplicación de la ley y afines › Agentes de la administración pública para la aplicación de la ley y afines no clasificados bajo otros epígrafes › inspector agropecuario/inspectora agropecuaria.

Traducción de la profesión: Technicians and associate professionals › Business and administration associate professionals › Regulatory government associate professionals › Regulatory government associate professionals not elsewhere classified.

Descripción de la oferta de trabajo:

Nordvestlandets mest spennende landbruksjobb? Det tør vi påstå.

Vi søkjar leiar for Nordre Sunnmøre sitt interkommunale landbruk. Brenner du for landbruk og matproduksjon? Ønsker du  å bidra til å utvikle landbrukssatsingane våre på lag med medlemskommunane våre Haram, Ålesund, Giske og Sula? Interkommunalt landbruk har viktige oppgåver knytta til gjennomføring av nasjonal landbrukspolitikk, og som pådriver for næringsutvikling i landbruket.  

Nordre Sunnmøre forvalter store landbruksareal. Det er også heim til den vakre Jugendbyen Ålesund og Nordøyvegen. Her er eit variert landskap og landbruk. Mjølkeproduksjon er dominerande, men og ein del sau og litt planteproduksjon. Hovudtyngda av skogbruket er i indre delar av området, viltforvaltninga er likt fordelt i heile distriktet. Her finn du eit tradisjonsrikt, engasjert og aktivt landbruks-, jakt- og fiske miljø, noko gardsturisme og eit aktivt friluftsliv. Alt dette åpnar for moglegheiter som vi ønsker å vidareutvikle for ei bærekraftig framtid. 

Haram er vertskommune for Landbruk, og har arbeidsgjevaransvar. Landbruk er eige tenesteområde under kommunalområdet  for Plan, Eigedom, Landbruk og Teknisk, og du vil vere del av kommunalsjefen sitt leiarteam.

Haram kommune skal vere ei ambisiøs kommune med vekt på å skape gode heilskapelege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode og arbeide på tvers for å levere god kvalitet på tenester til innbyggarar og næringsliv. Kommunen legg stor vekt på service, samarbeid og god dialog med dei partar som vert påverka.

Kontorstad er Brattvåg tenestehus, samlokalisert med resten av kommuneadministrasjonen. Kontoret har 4,5 stillingsheimlar, 1 på skog og viltforvaltning, 2,5 på jordbruk og 1 landbrukssjef. Landbrukskontoret disponerar eigen bil til synfaringar mv.

Arbeidsoppgåver

  • Tenesteleiar for alle fagområda, jordbruk, skogbruk og viltforvaltning
  • Fag-, personal og budsjettansvar for interkommunalt landbruk
  • Saksbehandling av ulike tilskotsordningar og lovsaker (jordlov og konsesjonslov)
  • Kontakt med publikum/grunneigarar, medlemskommunar og faglege lag
  • Andre oppgåver som fell under fagområdet
Kvalifikasjonar
  • Du har leiarerfaring, og har et hjarte for landbruk
  • Du har god kjennskap til landbruksnæringa og offentleg forvaltning.
  • Du har relevant utdanning og erfaring innan landbruks- og naturforvaltning på nivå med master, eventuelt bachelor. Relevant bakgrunn/erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, minimum nivå B2.
  • Førarkort klasse B er naudsynt
Personlege eigenskapar
  • God til organisere.
  • Initiativtakar og pådrivar
  • Evne til å sjå samanhengar mellom eige og andre sitt fagfelt
  • Svært gode samarbeidsevner både internt og eksternt.
  • Proaktiv for å finne dei beste løysingar.
  • Dyktig på ta avgjerder og er resultatorientert.
  • Håndtere høgt tempo i periodar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
  • Spanande, varierte og meiningsfylte oppgåver
  • Moglegheit til å utvikle interkommunalt landbruk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Eit godt fagleg arbeidsmiljø og gode moglegheiter for utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver innanfor fagfeltet
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kjekke, engasjerte og kompetente kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Gratis parkering i eige parkeringshus
KontaktinformasjonKristin Fjeld-Eiken, Kommunalsjef, +4797970215, kristin.fjeld-eikenharam.kommune.no

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4758028240

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.02.2024

Om arbeidsgiveren:

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.

Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.

Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

País del trabajo: Noruega.

Región: Møre og Romsdal.

Ver 86 ofertas de trabajo en "Møre og Romsdal" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 24 de Enero de 2024, y con identificador de la vacante:08d88f65-6c93-48d1-ad61-3154a767218b.