Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > Profesionales de relaciones públicas > Informasjons- Og Servicekonsulent

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Informasjons- og servicekonsulent. Møre og Romsdal

Ofertas de trabajo en Noruega (Møre og Romsdal) de Profesionales de relaciones públicas

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Profesionales de las ventas, la comercialización y las relaciones públicas : Profesionales de relaciones públicas.

Professionals : Business and administration professionals : Sales, marketing and public relations professionals : Public relations professionals

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: 939461450 Stillingsident: 4224094845 Presentasjon av stillingen:

I Ørsta kommune er det frå 15.06.2020 ledig IOO % vikariat som informasjons- og servicekonsulent fram til 20.03.21. Stillinga er f.t. knytt til service- og

informasjonsstaben som er ein del av rådmannen sin stab. Stillinga vil ha kontorplassering ved servicekontoret.

Arbeidsoppgåver

Servicekontoret er Ørsta kommune sitt møte med omverda og har m.a. ansvar for informasjonsarbeid, heimeside, kundemottak, post- og journalføring og sentralarkivet for rådhuset. Gode kommunikasjonsevner i det direkte møtet med brukarane våre og kunnskap om offentleg forvaltning er difor viktig.

Arbeidssituasjonen vil gi positive utfordringar, krevje mykje, vere kompleks og spanande.

  • ekstern og intern kommunikasjon
  • informasjon og oppdatering via kommunen si heimeside og sosiale media
  • å skrive artiklar og pressemeldingar på vegne av kommunen
  • ordinært arbeid i mottaket
  • eksakt oppgåveinnhald vil kunne variere i samsvar med behova i organisasjonen

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning innan kommunikasjon og mediefaget
  • gode framstillingsevner, både skriftleg og munnleg. Kommunen nyttar nynorsk som målform, og den som vert tilsett må ha ei god og rett språkføring
  • erfaring med elektroniske nettverk, databasar og publiseringsverktøy

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evne til å arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
  • evne til å vere kreativ og finne gode løysingar
  • ei fleksibel og serviceinnstilt haldning
  • evne og motivasjon til å handtere fleire oppgåver og saksområde samstundes
  • evne til å vere stabil i stillinga og god yteevne
  • evne til å handtere og nytte elektroniske verkty

Vi tilbyr

  • Utfordrande og variert arbeidskvardag
  • Gode kollegaer
  • Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP

Stillinga er plassert i HTA kap. 4.2 -stillingar med krav om min. 3-årig høgskuleutdanning

Stillingskode 6569 konsulent

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Dokumentasjon

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar.

Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Her kan du lese meir om heiltidskultur i Ørsta kommune.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Sæbønes, Leiar service- og informasjon, 916 85 027, elisabeth.sabonesorsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 6

6150 Ørsta

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Ørsta kommune

Referansenr.:4224094845

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 15.06.2020

Sluttdato: 20.03.2021

Søknadsfrist: 03.05.2020

Om arbeidsgiveren:

Ørsta

kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen

i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og

næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa

vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna

næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta

og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire

daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd

Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede

Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

País del trabajo: Noruega.

Región: Møre og Romsdal.

Ver 331 ofertas de trabajo en "Møre og Romsdal" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de puesto: Determinado.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: ØRSTA KOMMUNE SERVICE OG INFORMASJON.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:4ff1e758-5833-4f5b-8325-cd12ab500ced.

Ver las 149 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Profesionales de las ventas, la comercialización y las relaciones públicas : Profesionales de relaciones públicas ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: