Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Profesionales de enfermería > Helsesjukepleiar 70 - 100% Mellombels Stilling

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Empleos de Profesionales de enfermería en Noruega

Helsesjukepleiar 70 - 100% Mellombels Stilling

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Profesionales de enfermería y partería : Profesionales de enfermería.

Professionals : Health professionals : Nursing and midwifery professionals : Nursing professionals

Descripción de la oferta de trabajo:

Omtale av arbeidsstaden

Helsestasjonen held til i velegna lokale på to lokasjonar, henholdsvis i Bø og Gvarv sentrum. Her finn du base for helsestasjons-, og skulehelsetenesta i kommunen. Tenesta er eit lågterskeltilbod som skal ta i vare heilheitleg, helsefremjande og helseførebyggjande arbeid. Den omfattar ansvar for svangerskapsomsorg, smittevern, helseteneste for flyktningar, helsestasjon for ungdom og arbeid knytt til psykisk helsearbeid for barn og unge.

Tenesta har m.a. tilbod om helsekontrollar i tråd med nasjonale anbefalingar, og informasjon og rettleing til barn og unge, føresette, gravide, samt befolkninga i kommunen. Avdelingane har 13 aktive og engasjerte tilsette fordelt på i overkant av 10 årsverk, som jobbar tverrfagleg, og som er opptatt av familieperspektivet. Tilbod frå familieveileder har vore knytt til avdelingane sidan 2016.

Kort om stillinga

Kommunen søkjer helsesjukepleiar i 70-100% vikariat i skulehelsetenesta, for perioden januar - august 2021. Helsesjukepleiar vil få høve til å bruke sin kompetanse på varierte oppgåver i denne tenesta. Det er lagt stor vekt på godt tverrfagleg samarbeid. Dette vil for eksempel være knytt til skule, fastlege, fysioterapeut, Pedagogisk Psykologisk Teneste, og barnevern.

Leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta er nærmaste overordna.

Tidspunkt for oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver

o Skulehelseteneste

o Undervisning

o Smittevern

o Delta og leie tverrfagleg samarbeid med brukar i sentrum

God dialog og relasjonskompetanse er nødvendig.

Vi ser etter deg som kan jobbe i team, har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, er strukturert, fagleg trygg og engasjert, har tru på endring, og som er løysingsorientert.

Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar

Det er krav til offentleg godkjenning som sjukepleiar, med vidareutdanning som helsesjukepleiar, men det kan óg vere aktuelt å tilsette søkjar med sjukepleiarutdanning og relevant praksis. Erfaring frå liknande arbeid er ønskeleg. Du må ha kompetanse på bruk av data og elektroniske hjelpemidlar, og kunne sette deg inn i bruken av fagprogram for tenesta.

Personlege egenskapar

Det er eit krav at den som blir tilsett er fleksibel, sjølvstendig og løysingsfokusert. Du må være offensiv og inkluderande i ditt arbeid, både i høve til kolleger, barn og unge, samt føresette. Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, godt humør og være positiv. Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt.

Anna

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.

Særskilt for stillinga

Politiattest jf. Helsepersonelloven § 20a første ledd.

E-læringskurset for nytilsette skal tas før oppstart i stilling.

Søkjar må ha førarkort kl. B, og disponere eigen bil.

Det er lagt stor vekt på personlig egnaheit.

Det er en forutsetnad at du har gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

Et godt arbeidsmiljø med utfordrande og spennande arbeidsoppgåver, med stort rom til å jobbe sjølvstendig.

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Søknaden sendast

Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".

Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.

Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.

Om arbeidsgiveren:

Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg. Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: STAB MIDT-TELEMARK KOMMUNE.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:9ae34b76-bccf-40d6-8fc8-6310844ab86c.

Ver las 1,429 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Profesionales de enfermería y partería : Profesionales de enfermería ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: