Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Médicos especialistas > Gastrokirurg Ved Voss Sjukehus

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Gastrokirurg ved Voss sjukehus. Hordaland. Noruega

Trabajar de Médicos especialistas en Hordaland (Noruega)

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos especialistas.

Professionals : Health professionals : Medical doctors : Specialist medical practitioners

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4141160905 Presentasjon av stillingen:

Vi har ledig 100% stilling for overlege innan fagfeltet gastroenterologisk kirurgi/ generell kirurgi. Stillinga har per i dag 4-delt vakt og er ledig frå medio mars, 2020 eller etter avtale med avdelingsoverlege.

Det er særs gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom det nære samarbeidet med Haukeland universitetssjukehus.

Som tilsett er du del av eit fagleg sterkt, oversiktleg og mangfaldig arbeidsmiljø, som er ambisiøse på pasientane sine vegne. Å bu på vakre Voss er ekstra bonus!

Sjukehuset er nyleg påbygd og har fine lokalitetar. Dei fire operasjonsstovene er nye og godt utstyrte. Intensiv-/recoveryavdelinga er topp moderne etter ombygging for nokre år sidan.

Følgjande pasientgrupper/inngrep er dei vanlegaste ved Voss sjukehus: kirurgisk seksjon; Bariatri, cholecystektomi, coloncancer, alle typar brokk, stomirelaterte operasjonar, benigne tarmreseksjonar, proktologi, samt akutt kirurgi. Vi har i tillegg stor aktivitet innan endoskopisk utgreiing.

4-delt vaktordning som bakvakt -- LIS2-3 lege som forvakt i tillegg til LIS1-lege.

Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, radiologi med CT- og MR lab., fysikalsk avdeling og laboratorium med blodbank. Voss sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, ortopedi, føde, gynekologi og anestesi, samt traumatologi. Sjukehuset har hatt ein stor aktivitetsvekst og ønskjer å halde fram med den positive utviklinga.

Voss har om lag 15.000 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og -aktivitetar både for born og vaksne, samt for ekstremsportutøvarar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod. Det er god kommunikasjon til Bergen/Flesland og austover til Oslo.

Les meir om oss

Arbeidsoppgåver

  • Operasjon, endoskopier, poliklinikk, visitt.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring innen gastrokirurgi og generell kirurgi.
  • Du oppsøkjer og/eller har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner med dei rette ressursane til rett tid.
  • Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning innan gastro.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå.

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei.
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt.
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert.
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din.
  • Du er bevisst eigne avgrensingar, ber om hjelp samt melder avvik om det oppstår.
  • Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din.

Vi tilbyr

  • Vi har eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø. Hjå oss helser vi på kvarandre i gangane og har ein kantinekultur vi er stolte av.
  • Vi har rå alpinløyper i Bavallen og Myrkdalen, Vestlandets beste skiterreng, fantastiske langrennsløyper, Ekstremsportveko, VossCup og Vossajazz for å nemne noko.
  • Vi har ei sterk identitet som ei av Noregs mest kjende kutlurbygder, og vi tar vel i mot nye innbyggjarar.
  • Vi kan hjelpe deg med å finne ein passande bustad.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Kontaktinformasjon

Christer Kvelvane, Avd. overlege, 56533500

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Bergen

Referansenr.:4141160905

Stillingsprosent: 100%

Startdato: 16.03.2020

Søknadsfrist: 03.11.2019

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 466 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: Helse Bergen, Voss.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:12351910000025.

Ver las 718 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos especialistas ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: