Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Periodistas > Framtida.no Søkjer Sommarvikarar

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Oferta en Noruega de Periodistas

Framtida.no Søkjer Sommarvikarar

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Autores, periodistas y lingüistas : Periodistas.

Professionals : Legal, social and cultural professionals : Authors, journalists and linguists : Journalists

Descripción de la oferta de trabajo:

Framtida.no søkjer etter sommarvikarar som vil laga god og spennande journalistikk om politikk, miljø, utdanning og kultur for ungdom mellom 14 og 25 år.

Me søkjer etter deg som:

  • har evne til å arbeida fram gode saker for unge mellom 14 og 25 år
  • er god til å skriva og formidla til unge gjennom tekst, bilete og sosiale medium
  • er god på å samarbeida, har eit godt nettverk og arbeider sjølvstendig
  • har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet
  • meistrar foto, og gjerne video
  • har god, nynorsk språkføring

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø -- der du får høve til å utforska nye måtar å fortelja historier på.

Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel, men kan òg bli kompensert for gjennom ein kombinasjon av relevant utdanning og samfunnsengasjement, til dømes gjennom frivillig arbeid.

Ein del av jobben i sommar vil vera å dekkja valkampen før stortingsvalet. Me søkjer etter sommarvikarar som har lyst og evne til å laga engasjerande og dagsordensetjande journalistikk for unge om stortingsvalet 2021.

Sommarvikarane vil i utgangspunktet arbeida frå Oslo-kontoret vårt, men det kan òg bli nokre reportasjereiser.

Arbeidsoppgåver: leita fram, skriva og formidla viktige nyhende og reportasjar for unge mellom 14 og 25 år.

Spørsmål kan rettast til Svein Olav Langåker, redaktør Framtida.no, telefon 94875365.

Søknadsfrist: send søknad snarast, og innan 1. mars.

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein framtida.no

Om arbeidsgiveren:

Framtida.no er den einaste riksdekkande nynorske nettavisa. Nyhende- og debattavisa for unge har kring 60-120.000 brukarar i månaden, og har hatt auke i trafikken sidan starten i 2010. Avisa har kontor i eit kontorfellesskap i Møllergata midt i Oslo sentrum, og hos lokalavisa Sunnhordland på Stord. Framtida.no blir drive av Landssamanslutninga av nynorskkommunar i samarbeid med ABC Startsiden.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 2.

Empleador: LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:234bfbfd-6bb8-4d43-b819-1e2a3a365d23.

Ver las 78 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Autores, periodistas y lingüistas : Periodistas ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: