Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Médicos generales > Ferievikar 2021- Medisinstudent Med Lisens

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Ferievikar 2021- Medisinstudent med lisens. Noruega

Ofertas en Noruega de Médicos generales

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos generales.

Professionals : Health professionals : Medical doctors : Generalist medical practitioners

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4339015845 Presentasjon av stillingen:

Seksjon for ambulante tenester består av fire team, derav to FACT team og to ambulante akutteam (AAT).

FACT Nordmøre og AAT Nordmøre er plassert på Nordlandet i Kristiansund. FACT Romsdal og AAT

Romsdal er plassert på Knausen i Molde. Det er eit tett samarbeid både internt i psykisk helsevern og med

kommunane. Ambulant akutteam (AAT) er eit tverrfagleg behandlingstilbod der ein gjer akutt psykisk

helsehjelp til personar over 18 år.

Ved FACT Nordmøre og AAT Nordmøre har ein behov for to ferievikarar i perioden veke 25 tom veke 33.

Tilsetjing kan skje fortløpande.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til CV.

Arbeidsoppgåver

  • Ambulant og poliklinisk behandling
  • Akuttvurdering av pasientar
  • Vurdering av sjølvmordsrisiko
  • Psykiatrisk tilsyn ved somatiske sjukehusavdelingar
  • Teambasert oppfølging av pasientar med alvorlege psykiske lidingar

Kvalifikasjonar

  • Legeautorisasjon, cand.med eller medisinstudent med lisens
  • Ønskeleg med erfaring fra fagområdet
  • Må kunne meistre norsk skriftlig og munnleg
  • Førarkort klasse B (Personbil)

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Ønske om å bidra til å gi eit godt tilbod til våre pasientar
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • Kursing i sjølvmordsrisikovurdering
  • God opplæring ved oppstart
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Tor Martin Stølan, Konst. seksjonsleiar, 94164915, Tor.Martin.Stolanhelse-mr.no

Arbeidsstad

Kristiansund

6510 Kristiansund

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.:4339015845

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Startdato: 21.06.2021

Sluttdato: 22.08.2021

Søknadsfrist: 02.03.2021

Om arbeidsgiveren:

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester

til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein

skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal

få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og

utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.

Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har

vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og

rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av

openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du

får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på

laget!

For

meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 2.

Empleador: HELSE MØRE OG ROMSDAL HF KRISTIANSUND SJUKEHUS - SOMATIKK.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:88b043f3-7eb7-4412-9580-a70692371b9f.

Ver las 437 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos generales ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: