Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > Educadores para necesidades especiales > 70 % Fast Stilling Som Spesialpedagog

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Vacante en Noruega (Sogn og Fjordane) de Educadores para necesidades especiales

70 % Fast Stilling Som Spesialpedagog

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Otros profesionales de la enseñanza : Educadores para necesidades especiales.

Professionals : Teaching professionals : Other teaching professionals : Special needs teachers

Descripción de la oferta de trabajo:

Org.nr.: 964967458 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden som dei siste åra har vi opplevd positiv folketalsauke. Vi har eit godt utvikla tenestertilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Er du vår nye kollega?

Vi treng spesialpedagog som er trygg på eigen fagleg ståstad, som likar å arbeide med barn og unge og som vil vere med og utvikle læringsmiljøet i kommunen. Stillinga vil vere knytt til både barnehage og skule.

Solund barnehage og Solund barne- og ungdomsskule er lokalisert på Hardbakke. Oppvekstsektoren har fokus på å utvikle tverrfagleg samarbeid, der også kulturskulen er del av dette samarbeidet. Barnehagen og skulen er sjølvstendige einingar der personalet arbeider i team og der fysisk aktivitet og bruk av lokalsamfunnet er viktige element i kvardagen.

Kompetanseheving vert gjennomført med heile personalgruppa, for tida er fokus inkluderande læringsmiljø. Språkutvikling er i ferd med å verte tverrfagleg satsing i oppvekstsektoren og vi har starta eit samarbeid med å dele erfaring og kompetanse.

Oppvekstsektoren prøver å nytte uteområdet og lokalsamfunnet som læringsarena, mellom anna har vi tilgjengeleg eigen båt som kan nyttast.

Arbeidsoppgåver

  • du vert del av ei personalgruppe som arbeider i team, ønskjer utvikling og er open for nye tankar.
  • rettleie barn/unge, føresette og tilsette
  • samarbeid med eksterne instansar
  • administrere oppgåver som møteinnkalling, rapportering, utgreiing mm
  • delta i utviklingsarbeid og satsingsområde innan oppvekstsektoren

Kvalifikasjonar

- Har relevant utdanning

- Meistrar digitale hjelpemiddel

Personlege eigenskapar

- Har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima

- Likar å arbeide med menneske og møter menneske på ein god måte

- Ser skulen og barnehagen i heilskap med lokalsamfunn og omgivnader

- Har humor, er fleksible og er opptekne av å samarbeide

- Tek ei utfordring på strak arm

- Har lyst å vere del av eit lite samfunn og kunne vere med og setje preg

Vi tilbyr

- Høve til å påverke utvikling av læringsmiljøet

- Høve til eigenutvikling gjennom ansvar

- Kjekke barn og ungdommar, og medarbeidarar

- Rom for eige initiativ og engasjement

- Gode moglegheiter for læring også utanfor klasserommet

- God pensjonsordning i KLP

- Hjelp til å skaffe bustad

Tilsettinga i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Prøvetid med 6 månader.

Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, og utfylt MRSA-skjema.

Offentleg søkjarliste

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

For nærare informasjon om stillinga ta kontakt med:

Rektor Gunnlaug Olsvoll Røed, tlf. 908 55 224

Velkommen som søkjar.

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Gunnlaug Olsvoll Røed, Tlf: +47 57786219, Mobil +47 90855224, Epost: gunnlaug.olsvoll.roedsolund.kommune.no

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Sogn og Fjordane.

Ver 104 ofertas de trabajo en "Sogn og Fjordane" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: Hardbakke skule/Solund ungdomsskule.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:14121908000001.

Ver las 159 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Otros profesionales de la enseñanza : Educadores para necesidades especiales ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: